Morgentrim til Årheimsfjellet (17.06.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Characteristic Hike
Distance 16.1km
Vertical meters 1,162m
Map
Ascents Årheimsfjellet (1,007m) 17.06.2014

Det vart ei overnatting på Stryn skisenter etter ein noko seig retur heimover med kolonnekøyring og venting på at tunnelvasken i Strynefjell tunnelane skulle ta ende.... Kl var blitt 02.30 Gjeeesp!!! Stille og fredeleg var det på Stryn skisenter! kan anbefalast ;) :) For å våkne skikkeleg til siste etappe heim før jobb, tenkte eg det var greit med ein liten morgentrim. Lenge tenkt å ta turen oppom Årheimsfjellet og denne gongen passa det fint. Ein kan og gå frå Stryn sentrum, ein litt kortare tur skal det være sagt!! Køyrde til Oppheim, godt skilta til Årheimsfjellet. Her er det no full drift med skogrydding med hogstmaskiner til det nye veganlegget opp til fjellet Hoven. Der skal det komme eit nytt bygg/restaurant ved Via Ferrata med gondolbane, fekk eg fortalt av grunneigar på morgenkvisten. Godt merka og trakka sti via Rakssetra og vidare opp til Oppheimssetra ca 2,3 km. Ein fin topp med utsikt også til Oppstryn og Flo. Einaste levande skapning eg møtte på fjellet, var ein illsint lemen som eg sannsynlegvis vekte opp.. skvatt nok like mykje begge to ;) :)

Starthøgde Oppheim 276 moh - 10 km - Totalhøgde 760 moh - 1,50 t t/r

Frå Oppheimsetra og mot Oldedalen
Frå Oppheimsetra og mot Oldedalen
Årheimsfjellet 1007 moh med Skåla ibakgrunn ved varden
Årheimsfjellet 1007 moh med Skåla ibakgrunn ved varden
Frå Årheimsfjellet 1007 moh
Frå Årheimsfjellet 1007 moh

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.