Vestnes: Storhaugen (01.06.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Fiksdal Stadion (60m)
Endpoint Fiksdal Stadion (60m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 19min
Distance 7.2km
Vertical meters 750m
Map
Ascents Storhaugen (773m) 01.06.2014

Vi overnatta ved legendariske Fiksdal Stadion. Hadde lest litt på Westcoastpeaks om denne toppen ein gong i tida, kunne ikkje hugse at Arnt hadde omtalt merking. Vi var gledeleg overraska då det stod eit skilt med Storhaugen på rett før stadion. Etter turen kan vi berre anbefale å drite i heile skiltet. Vi gjekk oppover der og rota oss framover på ulike trakk, eit par tomme oljekanner hang i nokre tre for å villede folk enno meir. På returen løyste dette seg veldig bra. Vårt forslag til tur oppover blir då slik:

Parker ved Fiksdal stadion. Gå grusvei forbi stadion og ta til høgre på ein skogsveg. Følg denne oppover så lenge det går, den går etterkvart over til ein sti. Gjekk forbi ein gammal lyseblå collegegensar som hang i eit tre. Stien dreiar etterkvart austover mot kanten slik at du ser ned til Fiksdalsstranda. Rett før skoggrensa er eit lite parti der stien er borte eller i beste fall svært utydeleg. Hald då godt austover heilt til kanten. Når ein kjem over tregrensa er stien ganske så tydeleg og lett å følgje heilt til topps.

Frå Storhaugen mot Romsdalsfjorden og Molde
Frå Storhaugen mot Romsdalsfjorden og Molde

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.