Vestnes: Snaufjellet (31.05.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Rekdalssetra (200m)
Endpoint Rekdalssetra (200m)
Characteristic Hillwalk
Distance 4.9km
Vertical meters 300m
Map
Ascents Snaufjellet (479m) 31.05.2014

Eg labba avgarde frå den store fine parkeringsplassen ved Rekdalssetra der vi hadde overnatta. Tok av austover ved første stikkvei, forbi ei hytte med ei campingvogn av god gammal årgang utanfor. Raud og med "Anneks" fint rosemåla på. Her var det merking mot Skaret og Gjellstein. Stien var ikkje lett å følgje og eg mista den. Etter mykje trakking og basking oppover sto eg plutseleg ved ei hytte. Merking vidare mot Skaret ....igjen... Fulgte denne gode råsa til eg kom opp på ei lita myr, Der tok eg av bratt oppover, lett til toppen. På returen vart eg var stien som gjekk vestover frå denne hytta og tok den heilt ned til bilvegen. Her stod det merking "Mathiesenhytta". No hadde eg ikkje kjøyrt opp denne vegen så hadde ikkje sett dette skiltet. Anbefalinga blir då heilt klart: Parker på venstre side av vegen rett etter merkinga til Mathisenhytta. Følg god sti til denne hytta og vidare mot Skaret...osv osv. Litt seinare på dag sprang Lise opp denne ruta, ho brukte 26 minutt opp. Kjapp tur!

Snaufjellet sett frå Storknausen. Taket på Mathiesenhytta viser så vidt litt til høgre i bildet
Snaufjellet sett frå Storknausen. Taket på Mathiesenhytta viser så vidt litt til høgre i bildet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.