Svartebottstinden (01.03.2014)

Written by JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Map
Ascents Brøttfonntinden (1,171m) 01.03.2014
Svartebottstinden (1,207m) 01.03.2014
Ølmannstinden (1,161m) 01.03.2014

Utgongspunktet for turen er det same som for Grisetskolten. Denne toppen er litt meir kjent, og det er merka opp til parkeringa frå fjorden. Opp gjennom skogen fekk eg raskt opp varmen, og antrekket måtte regulerast ganske kjapt. Oppe på Førnakkjin møtte eg sola, og då vart det endå varmare...
Herfrå går stien vidare opp gjennom ein tynnare og tynnare fjellbjørkeskog, heilt til terrenget flatar ut og ein kjem til eit stiskille. Her er det merka mot Grisetskolten og Ølmannstind. Eg gjekk vidare delvis på skare og ur, og kom meg enkelt til topps. Eg hadde for sikkerheits skuld med både stegjern og isøks, men desse fekk eg ikkje bruk for.
Oppe på toppen var det vill utsikt i retning Dronninga og Kongen, og ikkje minst Svartebottsvatnet 700 meter rett under meg. Eg hadde også førsteklasses utsikt innover Isterdalen, mot Trollstigen, Trolltindane m.m.

Vidare rusla eg bortom Ølmannstinden, og her fann eg ein lun plass i mosen der eg nesten sovna. Kalenderen seier årets første vårdag, men her i Romsdalen har det vore vår ei god stund no..
Sola hadde no smelta det øverste skarelaget, og turen ned gjekk raskt unna.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.