Gaular: Laukelandshesten og Skålefjellet (02.02.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Massbu (380m)
Endpoint Hestad (60m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 30min
Distance 13.2km
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Laukelandshesten (678m) 02.02.2014
Skålefjellet (690m) 02.02.2014
Massbu, lita triveleg bu!
Massbu, lita triveleg bu!

Etter ei god natts søvn på Massbu vakna vi i 0830 tida. Frokost vart Real for å gjere det enkelt. Kebabgryte for min del, medan Janne kjempa med viltgryta. Brødmat funkar dårleg som frokost, og havregrauten orka vi ikkje vaske opp etter. Ute var det no mildt, plussgrader og regn. Rusla nedover den eine kilometeren til bilen. Planen var no å gjere reint bord vest for Bygstad. Dette innebar 2 turar, Laukelandshesten og Skålefjellet.

1. Laukelandshesten. Over brua ved Nedre Laukelandsstølen og bratt oppover hamarar og bukkemark. Janne gremma seg veldig då ein av mobiltelefonane hennar ringde, det vart litt organisering knytt til takplater som hadde blese av heime osv. Vidare oppover i nordsida er det ok å gå men i dag litt snø og is som gjorde at vi måtte passe oss litt. Men brukte ikkje broddar eller stegjern. På toppen bles det noko alvorleg og det var berre å hykje seg ned. Eit par bilder og retur samma veg. Eg kikka bekymra bort på Skålefjellet, og motivasjonen var fråværande. No er Janne av same kaliber som Lise når det kjem til ver og vind så eg viste det ikkje nytta å kome med noko motivasjonsvasprat. Fekk varme i bilen og kjøyrde til Hestad medan vi åt litt og hadde det eigentleg triveleg.

2. Skålefjellet. Det vart slutt på bilkosen. Det var heller ikkje muleg å kjøyre oppover mot Hestadstøylen. Dvs gåing frå ca 60 moh. "Vi får ta det som oppvarming" sa Janne. Ja det var akkurat det vi trengde, oppvarming! Fekk på oss siste tørre kleda og langa av garde. Godt oppe i lia kom ein kar gåande, og ein traktor bak som drog eit par granpinnar. Det var sjølvsagt ein kar inne i traktoren og men han kom vi aldri i prat med. Men han utafor traktoren var pratsom og hjelpsom. Skålefjellet derimot var han veldig skeptisk til. Det er berre ein veg opp og der er det sikkert isete. Renn ei elv nedover. Vi prøvde å informere om at vi hadde med stegjern osv. For å gjere heile historia kort så gjekk dette heilt smertefritt. Vi hadde på stegjern men kunne sikkert gått utan. Gjekk forbi Hestadstølen og forbi den merka DNT-ruta. Fulgte ryggen opp frå vest. Regn og grisever. På returen hadde Janne noko ho skulle få utav beina så ho sprang nedover skogsvegen. No var det ikkje meir tørre klede å oppdrive så vi kjøyrde i stilongsen til Eikås. Min stilongs fekk mor mi med søstra til bestefar min, sikkert strikka under 2. verdenskrig. Den er brun og har 2 enorme hol som knea stikk ut.

User comments

  • -
    avatar

    Stilongs!!!

    Written by Eikås 03.02.2014 00:19

    Den mest minneverdige og legendariske stilongsen eg har sett!! :) :)Trur ikkje den toler eit generasjonskifte.... :) Ellers supre fjelldager i ekstrem ver kan man faktisk seie!! og første gang eg er blitt letta frå bakken av vinden.. :) Kontraster i turliv og ver er unikt :) :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.