Ljosvollsvarden (15.10.2013)

Written by Olemann1954 (Ole Lauvskar)

Map
Ascents Ljosvollsvarden (301m) 15.10.2013

Eg parkerte langs vegen som heiter Vallaheiane, om lag 250 meter søraust for E39. Derifrå gjekk eg til fots til vegs ende og fann ein sti mellom Vallaheiane nr. 141 og 143. Denne stien går først og fremst nordvestover bort til terrasseblokkene like ved. Men eg tok straks av til høgre og følgte etter kvart ein god sti opp dalen bak dei nemnte husa. Stien er ganske god og ganske godt tilrettelagt kor ein har flytta på fleire steinar for å gjera det lettare å koma seg fram. Etter kvart går stien inn i ein lettgått granskog og så opp på ryggen til venstre for dalen. Ein vil så snart koma til høgde 297 m.o.h. Der er det verdt å nyta utsikten vestover, det vart det beste utsiktspunktet for meg på denne skogsturen. Derifrå er det ganske flatt bortover og etter ca. 200 meter skal ein ta til høgre der det i dag er eit hogstfelt. Og då er ein berre ca. 80 meter frå målet i luftline. Stien er ikkje like tydeleg etter at ein har teke av frå hovudstien, men ein ser at det har gått folk der. Etter å ha runda litt hogstavfall og gått til høgre for ein kolle, gjekk eg opp på ein liten rygg og der kom eg igjen på ein brukbar sti. Og etter å ha klatra over ei lita rotvelt og krope under ei anna rotvelt, kom eg fram til den fine varden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.