Gloppen/Jølster: Blåegga og Kupefjellet, 100 m komplett! (10.10.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Mykland (200m)
Endpoint Longevasshytta (800m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 15min
Distance 17.1km
Vertical meters 2,000m
Map
Ascents Blåegga (1,533m) 10.10.2013
Blåegga sør for (1,475m) 10.10.2013
Breiskaregga (1,062m) 10.10.2013
Eggane (1,354m) 10.10.2013
Kupefjellet (1,486m) 10.10.2013
Kupefjellet vest for (1,379m) 10.10.2013
Visits of other PBEs Longevasshytta (805m) 10.10.2013
Lise og Janne går frå Mykland opp hylla mot Blomskredvatnet
Lise og Janne går frå Mykland opp hylla mot Blomskredvatnet

Dette 2-dagersprosjektet har stått på vent ei stund. Endeleg klaffa det med ver og vind, og fri for Lise i tillegg. No skulle begge få fullført Jølster-lista. I tillegg eit besøk på Longevasshytta som vi ikkje har vore innom tidlegare. Med på turen vart nyfrelst Peakbooker Janne (Eikås). Avtalen var å møte ho mellom Sandane og Breim, der veien til Kandal startar. Ho kom susande i det nye gliset sitt, Toyota Landcruiser. Den gjøymde vi vekk på parkeringa til Ryssdalshornet, noko som seinare skulle vise seg og skape enorme bekymringar i lokalbefolkninga.

Vi parkerte på garden Mykland. Ingen heime og det såg vel eigentleg fråflytta ut. Akkurat når vi gjekk kom ein kar kjøyrande og for han var det greitt at vi stod der, han leigde berre garden. Gjekk sørover på gjengrodd traktorvei til ein gammal fjøs. Her tok vi ei rås oppover mot ei hylle som vi fulgte til Blomskredvatnet. Råsa er ikkje innteikna på kartet, men fann info om denne i Sondre sin rapport + Opptur-boka. Eg sprang opp på Breiskaregga medan Lise og Janne gjekk mot Eggane. Vi møttest igjen på toppen der. Ganske sur og kald nordavind denne dagen, og vi gjekk mot sørtoppen på Blåegga der vi fekk oss ein lang matpause i solsteiken. Her sat vi i le for vinden. Vidare over Blåegga og ned i skaret nord for Trollekupa. Lett og fin rygg til den siste toppen i Jølster kommune. Komplett liste 50/50. Enno manglar Kvitevardane og Hovdeskrednibba i 50-meterslista, men det blir på ski. Plukka med topp 1379 på vei nedover til Longevasshytta. (Gloppen 50-meterslista)

Då vi nærma oss hytta såg vi det rauk frå pipa. Heldigvis var der ledige sengeplassar, og folka som var der var meget trivelege og likandes. Ein familie på 5 frå Naustdal + hunden Kvikk. Dei hadde årlege turar opp hit, og gleda seg stort til det. Godt å kome til oppheta hytte. Gjekk tidleg til sengs. Dag 2 gjekk over toppane Instengfjellet og Instengegga til Kandal. Dette var Lise sine 2 siste i denne kommunen.

User comments

  • -
    avatar

    Haust tur i Jølst

    Written by Eikås 16.10.2013 10:20

    Super rund tur i eit nydeleg fjellområde, artig å starte frå Mykland/Kandal. Ekstra kjekt at De begge fekk fullførte Jølst lister, i det Haustveret :) Ei ærfaring! tur i det området bør ikkje vare meir enn ein dag :) :) Men, det skal være sagt! det er bra at det endå er folk som er oppmerksomme:)

  • -
    avatar

    Gratulerer

    Written by 500fjell 15.10.2013 21:29

    Gratulerer så mye med Jølster! Si i fra når dere skal råflå Sogndal og Luster :)

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer

      Written by boven 15.10.2013 21:46

      Takker, har tenkt på deg i haust men ser du er veldig opptatt med mange flotte turar. Til helga er eg turgira og manglar følgje. Kva er planen?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.