Skopphornet september 2013 (08.09.2013)

Written by Ingodingo (Inge-Andre Johansen)

Start point Erstad (40m)
Endpoint Erstad (4m)
Characteristic Hike
Duration 5h 00min
Distance 11.5km
Vertical meters 1,038m
Map
Ascents Skopphornet (1,226m) 08.09.2013

Resten av familien var spreidd over alle vindar, fotballkamper, treninger og katteutstillinger, so eg og hundane fekk finne på noko anna: årets tredje tur til Skopphornet. Balder, som ikkje har vore på langtur aldri so lenge pga hårsekkmiddangrep, var ekstra gira. Tok ein avstikkar ned til vardane rett over Erstad, trur dei må vere på 700-800moh ein plass. Derifrå gjekk vi langs kanten oppover forbi der Stavefonna startar. Ei skråhylle i fjellsida tilseier at det er mogeleg å ta seg oppi renna og opp på Erstadfjellet med tausikring! Vidare opp og rundt Erstadfjellet og inspeksjon av ruta i frå Stavekollen. Fin fugleperspektivutsikt ned i Kalddalen derifrå. Vidare opp på Skopphornet og heim via Smådalane. Smådalane er eit vakkert lite stykke Sunnmøre, så her tok vi ein liten rundttur og følgte bekkane og småpøytane. Viktig for hundane å bløyte seg og drikke i varmen. Snø var også ein høydare så dei fekk skli nedover på pingvinvis...Alt i alt var dette ein fin måte å bruke fridagen på!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.