Gloppen: Seltuftnibba, Eggene og nokre til (25.08.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Hope (55m)
Endpoint Hope (55m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 43min
Distance 22.3km
Vertical meters 2,030m
Map
Ascents Eggene (1,268m) 25.08.2013
Eggene NØ1 (1,259m) 25.08.2013
Sørøst for Gjegnalundsbreen (1,306m) 25.08.2013
Seltuftnibba (1,316m) 25.08.2013
Nord for Seltuftnibba (1,240m) 25.08.2013
Skordalsfjellet (1,240m) 25.08.2013

Desse toppane har vi "spart på" lenge. Siste pf 100 som vi ser heimafrå. Det er lite med informasjon å finne, og ein tlf til ein gammal kjenning i Hyen var tildels oppklarande. Han snakka om ei fjellrås men då var det viktig at eg var sterke i hauda! Det skal og være muleg å gå vidare til Skjerdalen nordover frå Eggene, men der er det eit punkt som var litt "åjjje". Etter å ha trippelsjekka med han var konklusjonen å prøve frå Hope. Her skulle det vere merka rås oppover mot Nakkane berre ein kom seg oppom bøagarden.

Vi parkerte på tilvist parkering der ein startar å gå mot Gjegnabu. Gjekk fram til brua over elva utan å sjå skilt eller merking. Tilbake og leita, og fann skiltet i grøfta. Stien startar ved ein stor stein og er merka ja, men det krev litt gode auger for å halde den oppover første partiet. Etterkvart blir det bedre. Eit stykke oppi heng eit laminert ark med info om raudmerking til Skorafjellet og gulmerking til Nakkane. Vi prøvde følgje den raude merkinga men kom og inn på gul etter ei stund. Ikkje lett å skjønne men forsåvidt heilt problemfritt. I skoggrensa såg vi opp mot eit bratt parti til Skordalsfjellet 1237. Her var det og merka og tydeleg kvar ein skulle gå. Ein veldig fin tur opp til Skordalsfjellet. Frå denne toppen er det lett og fint å gå vidare. Vi tok runden Seltuftnibba, Eggene N1, Eggene, Nord for Seltuftnibba og til slutt toppen 1305 SØ for Gjegnalundsbreen. Flott utsikt frå Eggene N1 til heimbygda vår Lote. Frå 1305-toppen kunne det muligens vore eit alternativ å gå mot Skordalen og dei rutene som går der til Hope. Vi valde retur over Skordalsfjellet og ned den ruta vi kjende.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 07.09.2013 17:44

    Kanskje vi kan vurdere søre svartkampen helga 20-22 sept??

  • -
    avatar

    Gratulerer...

    Written by Garm 26.08.2013 23:13

    Gratulerer med ny liste komplett.

    Vi bør vel sette av ei helg snart så eg får løyst stoveglaslistefloka mi også. :)

    • -
      avatar

      Floke

      Written by boven 27.08.2013 22:07

      Kva er floken i stoveglaslista di? Vi er feks ledige no til helga.

      • +
        avatar

        Sv: Floke

        Written by Garm 28.08.2013 06:59
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Floke

          Written by ligroenb 07.09.2013 17:45
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.