Sundagstur på Skei (04.08.2013)

Written by bergteken (Sunniva)

Map
Ascents Gråkampen (1,212m) 04.08.2013
Vestre Gråkampen (1,209m) 04.08.2013
Prestkampen (1,244m) 04.08.2013
Storfjellet (1,225m) 04.08.2013
Visits of other PBEs Prestkampen hovedsti fra Gamledalen 04.08.2013
Prestkampen parkering (950m) 04.08.2013
Skardbua (1,080m) 04.08.2013

Ein roleg morgon heime og klokka vart nærare høgstdag då eg og Marwin parkerte bilen innst i Torsdalen. Eg hadde eigentleg berre tenkt å lufte hunden, og hadde difor ikkje nokon konkret plan for dagen. Det verka naturleg å rusle opp mot Prestkampen fyrst. Godt vêr, ein del vind på toppen. Storslagen utsikt, som vanleg. Hadde tilfeldigvis ein kikkert i sekken. Studerte dei snødekte tindane i Jotunheimen før eg kom på at eg skulle skrive meg inn i protokollen. Ein av dei utallige posane flaksa sjølvsagt høgt til himmels i den kraftige vinden, til stor begeistring for ein flokk ungar med foreldre som sat og rasta nedanfor toppen. Eg bestemte meg for å ta same veg som posen og traska i veg i retning Bånsæterkampane. Plutseleg låg posen frå Spar der, like ved stien. Eg lista meg nærare, gjekk over i galopp og kasta meg over utysket. Vill jubel og applaus fylte fjellet då ungar med foreldre hadde sett heile opptrinnet. Eg bukka og neia og stappa posen i sekken.

Vidare bar det ned til Svartvatnet, opp på Storfjellet. Herifrå gjekk eg ryggen bortover, ned til vestenden av vatnet og deretter ned til Skardbua. Dagen var framleis ung nok, og eg gjekk difor opp mot Gråkampane for å nyte utsikta. Ganske turt i fjellet, trass den kraftige nedbøren som kom på laurdag. Marwin var ivrig i dag og bestemte at me skulle halde eit høgt tempo. Me gjekk ned att mot Skardbua, men hadde kurs litt lenger mot sør og kom ned att i Ålmannskardet. Fylgde Peer Gynt-råket framattover i Gamledalen og ned til bilen. Klokka var blitt tjue over tre, og me hadde vore på tur i tre og ein halv time. Både eg og Marwin var nøgde med den flotte lufteturen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.