Nautgardstinden og Nubber (23.07.2026)
Written by ddmbeast (David Dagestad Myklebust)
| Ascents | Austnubben (2,049m) | 23.07.2026 |
|---|---|---|
| Aust for Austnubben (2,020m) | 23.07.2026 | |
| Aust for Aust for Austnubben (2,015m) | 23.07.2026 | |
| Nautgardsoksle (2,089m) | 23.07.2026 | |
| Nautgardstinden (2,258m) | 23.07.2026 | |
| Austre Nautgardstinden (2,194m) | 23.07.2026 | |
| Stornubben (2,174m) | 23.07.2026 | |
| Sørvestnubben (2,098m) | 23.07.2026 | |
| Veslkjølen (1,798m) | 23.07.2026 | |
| Veslnubben (2,055m) | 23.07.2026 | |
| Visits of other PBEs | Storkroken parkering (1,243m) | 23.07.2026 |
Starta på Storkroken parkering og følgde eigentleg Nautgardselve oppover heilt til valet landa på å sikte seg på Veslkjølen-ryggen for å plukke med seg Veslkjølen. Ryggen var gigantisk og med mykje ur, det var difor overraskande då vi plutseleg var på Veslkjølen, ikkje ein topp eg kjem til å hugse for noko spesielt. Vi ungjekk 1773-toppen etterpå for å halde avstand til villreinen som vi såg, og ikkje vill forstyrre.
Vidare var det meir ur opp til stupet ovanfor Nautgardsbreen, men traskinga mot Nautgardsoksle var meir spennande og med fin sikt. Drøy bakke opp til Nautgardstinden, med kjensle av fleire luretoppar. Deretter var det berre å sikte seg mot Nubbene. Om ein trudde det var mykje ur på starten av turen, nådde ura nye høgder her. Stornubben og alle dei små Nubbene kunne by på mange ulike bergartar med olivinstein som høgdepunktet.









User comments