Cmnx4: Mont Blanc (28.06.2026)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Nid d'Aigle (2,400m)
Endpoint Nid d'Aigle
Characteristic Alpine trip
Duration 48h 01min
Distance 19.0km
Vertical meters 2,500m
Map
Ascents Mont Blanc (4,810m) 30.06.2026 09:43
Visits of other PBEs Nid d'Aigle - Refuge de Tête Rousse (3,000m) 30.06.2026 09:42
Refuge de Tête Rousse (3,167m) 30.06.2026 09:42
Refuge de Tête Rousse - Refuge du Goûter (3,500m) 30.06.2026 09:42
Refuge de Gouter (3,837m) 30.06.2026 09:42
Refuge du Goûter - Mont Blanc route (4,500m) 30.06.2026 09:42

Ein semi-spontan tur til Mont Blanc
Fjerde tur på Chamonix-ferien gikk til sjølvaste softisen i dalen - Mont Blanc. Eg hadde den sjølvsagt i bakhovudet denne ferien. Samtidig var vi i byen for å klatre, og eg visste at tur til Mont Blanc ville ta såpass mykje av ferien om vi prøvde på den, at vi måtte vere einige om å prioritere turen. Aslak, derimot, hadde ikkje fått med seg at Mont Blanc låg i Chamonix Mont Blanc. Det oppdaga han først då han sat på balkongen til leiligheita og spurte «hva slags fjell er det»? Då han vart informert om at, ja dette var sjølvaste alpane si kvite dame, så var neste setning «jeg kjenner at den snakker veldig til meg – jeg vil dit!». Juan på si side hadde kanskje eigentlig mest lyst å klatre, men det var vanskelig å seie nei til ein tur til topps. Så då vart vi einige om å prøve på det.

Problemet var sjølvsagt at vi ikkje hadde booka hytte. Grunna forholda på breen og på den berykta Grand Colouir er det er lurt å sove på ei av dei to hyttene på turen så ein kan taime å gå toppen og renna om natta eller morgonen. Vi hadde fått gode tips frå ein guide om korleis det var lurt å legge opp tidsplanen med bestigning, toppstøt og overnatting. Aslak foreslo at vi berre kunne møte opp så ordna det seg sikkert. "Jeg er ikke så bekymra for det, egentlig" sa Aslak. Det sa han om mange ting. Vi to andre, som er litt mindre tillitsfulle i møte med verden, overbeviste han om at det var lurt å ringe hytta å spør. Det gjorde han. Det var ikkje plass i herberget, men vi fekk lurt inn tre «very petite norwegians» på venteliste på Goûter-hytta (Aslak er 190 høg). Så då var det altså berre å vente og håpe.

Streng tatt hadde vi ikkje høge forhåpningar, og vi vart einige om å køyre på med klatreplanar som vanlig, så ta Mont Blanc som bonus om det skulle dukke opp ei moglegheit. Difor planla vi klatretur på Aguille du Midi søndag. Billettane til gondolen er ikkje akkurat billige, og vi skulle nett til å gå på gondolen søndag morgon då Aslak plutselig fikk telefon frå Goûter: det var tre ledige senger mandag til tirsdag. Det betydde eigentlig at vi måtte gå samme ettermiddag. Vi måtte bestemme oss på flekken: midi eller Mont Blanc? Det vart Mont Blanc.

Så då var det berre å gå ut av køen og byrje førebuingane. Som stort sett gikk ut på å stappe i seg så mykje mat som mogleg medan ein slappa av så mykje som mogleg. Ikkje trivielt sidan spenningsnivået (hjå 2/3 av laget) steig eit hakk. Spenningsnivået hjå den delen av laget som først og fremst ser verda som opne moglegheiter (Aslak) steig ikkje nevneverdig.

Vi skulle opp utan guide, og kjende oss vel kompetente til det. Eg har masse klatrerfaring, og Aslak har breerfaring. Det var interessant å legge turplan og finne ut korleis ein skulle få logistikken til å gå opp på ein slik tur. Turen til Mont Blanc har vore beskrive før for å seie det slik. Men sidan du, kjære lesar, framleis les, så tolkar eg det dithen at du er klar for nok ein turbeskrivelse av denne turen til alpane si utvilsame dronning. Så her kjem vår unike tur til Mont Blanc ad simplaste veg: Goûter Route.

Søndag 15-17: Nid d’Aigle – Tête Rousse 700hm
Turen startar med ein togtur. Vi tok toget frå Saint Gervais til endestasjon Nid d’Agle på ca 2400 klokka 14 og var framme 15. Herifrå er det ca 700 hm til første hytte Tete Rousse (ca 3100 moh). Der var vi framme ca kl 17. Grei trask opp her, litt luftig i øverste del, men ikkje meir enn det ein opplever på sunnmøre.

Her var planen å slappe av og få i meir kaloriar før neste etappe på kvelden. Det var første møte med refugio, masse guidar og masse folk som skulle til topps. Og det litt lettvinte kloakksystemet som gjorde at hytta bada i ei flott kloakklukt. Juan, som er Måløy sin fremste kompetanse innan vann-og-avløp, var lite nådig med franskane si handtering av avløpsproblematikken. Det var eg også - om enn på mindre faglig og meir odør-estetisk grunnlag

Breen frå Tête Rousse
Breen frå Tête Rousse

Søndag 22-24: Tête Rousse – Refugio Goûter. 700hm.
Klokka 22 gjekk vi frå Tete Rousse for å krysse Grand Colouir. Det vert rekna som noko av det mest risikable på turen ettersom det rasar stein der med jamne mellomrom. Det er difor lurt å krysse den når sola ikkje står på og tinar laus stein i renna. I dag hadde det derimot rasa lite, og fleire sa det var gode forhold. Renna var omtrent snøfri i hetebølga, berre litt isete i midten – 45 grader på det brattaste, og her skal ein ikkje skli ut. Vi tok det jamnt og rolig over – det gjekk problemfritt for alle tre. Deretter fulgte det 600 meter med klyving opp fjellsida, og denne opplevdest som overraskande bratt (for dei 2/3 av laget som ikkje først og fremst ser verden som opne moglegheiter). No byrja vi virkelig å kome høgt opp over omverda, og i mørket såg vi lyn i det fjerne – kjensla av å vere i ei anna verd byrja å sige på.

I ettertid såg vi at mange utan klatreerfaaring sleit på denne delen, og det var mykje stramme tau mellom guidar og klientar opp her. Stort sett går ruta derimot i store og skjerma formasjonar, så det er lite sjangse for å ramle heilt nedatt til refugen om ein trynar. Ein skal derimot vere forsiktig med laus stein. Vel vel, vi var heilt aleine i heile fjellsida, og var på Refugio Goûter (ca 3800 moh) klokka 24.

Klyving i mørket opp mot Refugio Goûter
Klyving i mørket opp mot Refugio Goûter
Stemningsfullt i mørket
Stemningsfullt i mørket

Her var planen å kvile beina litt og få i seg litt mat før toppstøtet. Heile hytta sov, så vi la oss til i garderoba i kjellaren. Eg og Aslak sovna medan Juan trakk opp i trappa for litt varme. Klokka 02 vart vi vekt av guidane som byrja å gjere seg klar for toppstøt. Ute hagla og regna det. Vi sneik oss inn i matsalen og varma oss litt medan vi venta på betre vær.

Mandag 03-0720: Refugio Goûter-Mont Blanc (1000hm).
Klokka 03 hadde uværet gitt seg, og guidane hadde traska avgårde. Det betydde fin og kald snø, samt opptrakka spor (resten av turen til topps er brevandring). Vi bandt oss i taulag og traska avgårde 03:10. Første 500 hm er ein lang trask opp mot Dome de Goûter. Her kjende eg på lufta (eller mangelen på den), og på klabbing av stegjern. Kondismessig var dette den tyngste delen for meg. Men det var berre å instille seg på at ting ville ta tid. Vi rusla mellom nokon store bresprekker, og vi var glade for at temperaturen var eit par minus. Kvar gjekk i si hovudlyktboble opp gjennom her.

Ei litt hard oppvakning etter soving i garderoba på Goûter
Ei litt hard oppvakning etter soving i garderoba på Goûter
Morgengry frå Dome de Goûter
Morgengry frå Dome de Goûter

Då vi kom over Dome de Goûter byrja det å lysne, og vi såg resten av ruta, med masse lykter mot toppen. Første bakken kom under Refuge Vallot. Eg pusta og pesa litt opp her, medan Aslak sang høgt på «Dancing in the moonlight». Her tok vi på litt meir kle, og pressa i oss litt næring. Eg hadde lite apetitt, så det vart berre gels på meg. Frå Refuge Vallot bratnar det til, så her smøyg trakket seg rundt heng og over snøryggar, til dels ganske utsatt. Men vi seig jamt avgårde, og det var berre å setje eine foten før den andre. Så drog trakket seg ut under ein isvegg til venstre. Dette var spesielt for året grunna lite snø på ryggen direkte til topps. Her vart det ein lang og litt utsatt travers ut i nordsida, der tanken på dei enorme bresprekkene i bakken under gav fin motivasjon til å gå stødig. Men snøen var fin og fast, så det var berre å ta det med ro. Derifrå var det ein snøbakke opp til ryggen igjen, før det var litt meir trasking til toppryggen og så til topps. Her stilna Aslak også – ikkje så rart sidan han hadde gått først heile vegen. Eg kjente meg heldigvis fin, sjølv om vi nok alle kjente at det no hadde vore mange luretoppar. Oppstigninga var absolutt meir teknisk enn vi hadde trudd, sjølv om vi hadde kjent at det var veldig innafor heile tida.

Ein av mange eksponerte parti på veg til toppen. Ramla ein her var det straka vegen til Italia
Ein av mange eksponerte parti på veg til toppen. Ramla ein her var det straka vegen til Italia
Rett før toppen
Rett før toppen
To litt slitne typar på toppen. I det fjerne kan ein skimte Matterhorn
To litt slitne typar på toppen. I det fjerne kan ein skimte Matterhorn

Vel vel, alle oppoverbakkar har ein ende, og så også denne. Vi stod på toppen 07:20, først aleine før det kom eit par lag til. I ettertid har eg tenkt at eg ikkje såg meg så mykje rundt. Kanskje ein var litt full i hovudet. Tanken på nedfarten var også heilt klart til stades. I anledning ro-farsotten som rir Norge i fotball-VM 2026 tok vi eit par ro-tak for kameraet, før vi budde oss på nedfarten. Aslak var kokt i hovudet etter å ha leda vegen opp, så vi snudde taulaget, så eg gikk først og han sist (som kjøtvekt).

Mandag 07:30-10:30. Mont Blanc-Refugio Goûter.
Det var først no eg fekk sett skikkelig på omgivnadane. Det var først og fremst skalaen på ting som var annleis enn i norge. Mengda med høgdemeter var heilt vanvittig her. Det var 3800m ned til Chamonix, og ganske langt ned i breane på den italienske vestsida også. Og ikkje minst veldig spesielt å gå i det fantastiske brelandskapet her oppe.

Ned frå toppen
Ned frå toppen

No hadde eg vent meg til eksponeringa ganske greit, og sporet var også betre. Vi møtte ein del andre taulag, men stort sett var det ikkje problem. Sjølv om det er mange på fjellet er det så god plass at det ikkje vert trengsel. Vi sette ein fot før den andre, og etter ikkje så lenge var vi ved Refugio Vallon. Då var vi ute av den tekniske delen, og kunne senke skuldrane litt. Vi tok litt vatn og mat, før trasken til refugioen. Det var tre trøtte typar som traska alle høgdemeterane ned siste bakkane mot Refugio Goûter. Vi ensa berre såvidt toppalpinisten Colin Haley, som jogga frå byen til topps på tida 5:18 denne dagen. Han passerte oss rett over regfugioen. Der var vi 10:30.

Vel nede på Refugio Goûter var det berre å proppe i seg kaloriar og vatn, før tre litt døgnville petite norwegians gikk og la oss i våre bestilte senger. Vi sov til kl. 17, før det vart trivelig middag klokka 18. Sosialt som ei DNT-hytte, desverre med samme kloakklukta som på Tête Rousse. Etter middag var det meir soving. Vi satte klokka på 05:00 så vi kunne ta Grand Colouir på morgonen.

Tirsdag 06-10: Refugio Goûter – Nid d’Aigle.
Litt over 5 stod vi opp, og klokka 6 var vi avgårde. Klyveseksjonen ned opplevde eg som mykje meir uproblematisk i morgelyset, men det var no fleire folk i fjellsida, så ein måtte vere obs på stein. Eg og Aslak passerte Grand Colouir utan stegjern, og det gikk greit nok, sjølv om eg måtte bruke isøksa litt på det sleipaste punktet. Skulle eg gjort dette på ny hadde eg nok tatt på jerna her like greit ettersom det er ganske bratt her. Juan tok på jern og traska greit over.

Refugio Goûter
Refugio Goûter
Morgengry på veg ned
Morgengry på veg ned

Så tok vi kaffi og frokost på Tête Rousse, og byrja å kjenne på alle inntrykka frå ein lang og fin tur, før det var trask tilbake til Nid d’Aigle, der det vart croissants og oppdatering av familie og sosiale medier medan vi venta på toget 10:15.

Det vart ein relativt rolig tirsdag med soving, før vi såg norge slå elfenbeinskysten i 16delsfinale på kvelden, saman med masse andre normenn. Ro-videoen vår havna på framsida til NRK, og eg og Aslak måtte stille på NRK Sogn og fjordane og snakke om ro-seansen vår. Ingen grunn til å la turen vår passere i stillhet!

Takk for no Chamonix
Etter dette gjekk nok lufta litt ut av taulaget vårt. Dagen etter (onsdag) var det meldt regn, så då rakk vi litt cragging, samt middag med ein fin gjeng norskies som Aslak spora opp i byen. Torsdag var reisedag, men vi fekk lurt inn litt cragging då også, før vi strakk oss litt på stranda ved Lake Passy på veg til flyplassen i Geneve.

Så var første tur til Chamonix slutt. Ein fantastisk plass, eit slags disneyland for voksne. Las Vegas for friluftsfolk. Med enorme moglegheiter, men også eit gjennombygd og tilrettelagt område. Med sine moglegheiter, men også sine betenkeligheiter. Ein kan gjerne ha stader som Chamonix så lenge ein også har stader ein skjermar for inngrep. Eg vil gjerne til Chamonix igjen. Det vart ikkje satt mange naturlige sikringar på denne turen, så eg ønsker meg meir klatring i høgda. Det vart nedprioritert for den kvite dama denne gongen. Men eg satsar på at det blir fleire turar :-D

Andre turrapportar frå turen:
Cmnx1 Label virginie
Cmnx2 Cosmique
Cmnx3 Cocher cochon

User comments

  • -
    avatar

    La Dame Blanche

    Written by SturlaS 05.07.2026 15:22

    Grattis m selveste Mont Blanc, og takk for høykvalitets TR!

    Det ser ut som dere har hatt flotte dager i den lille dalen.

  • -
    avatar

    Grattis

    Written by uglefisk 30.06.2026 21:20

    Denne tenker jeg satt godt i glasset =)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.