Jordanger - Nipa (07.06.2026)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
| Besteigungen | Nipa (867m) | 07.06.2026 18:19 |
|---|---|---|
| Besuche anderer PBE | Friarhovden (550m) | 07.06.2026 17:45 |
| Lyngsete (765m) | 07.06.2026 18:07 | |
| Storaskar parkeringlomme (648m) | 07.06.2026 18:44 | |
| Ulvongovegen bom Sjåflat (395m) | 07.06.2026 19:09 |
Då vart det "strafferunde" i dag grunna avbrot Grånosi. Parkerte ved flotte Jordanger kyrkje. Grind merka "Lyngsete" like ved. Nokre raude merkje fyrst på ruta. Jamt bratt rett opp i vekselsvis bar og lauvskog. Der ruta avvik frå merka sti på kartet midtvegs, var det tydeleg sti. Fleire stølstufter under vegs. Fint på stølen Lyngsete like under toppen. Derifrå gikk eg ganske rett mot toppen i staden for mot "Spegelen", som sikkert hadde vore lettare. Så bratt ned i retning tangering av stien, og kort ned til stølen Røyteholet. Her var både sauer og geiter. Sti til eg kom til ei stor parkering. Flott grusveg nedover. Fint å sjå dei frodige gardane, etter kvart nedover. Fin utsikt. Rundturen enda ved Jordanger kyrkje etter vel 2 timar. Her var det aktivitet på søndag ettermiddag. Vimpel og tett med bilar. Glad for at eg gjorde ein rundtur, sjølv om det vart vel mykje grusveg.












Benutzerkommentare