Nårkampen (24.02.2026)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Prestkvea (936m)
Endpoint Prestkvea (936m)
Characteristic Backcountry skiing
Distance 5.1km
Vertical meters 220m
GPS
Ascents Nårkampen (1,102m) 24.02.2026 14:56
Visits of other PBEs Bålsetra parkering (935m) 24.02.2026 13:36

Etter ein litt kjedeleg tur på Gausdalsberget, vart det ein stor opptur å gå til Nårkampen. Turen begynte i skog og pudderføre, men det gjekk fint å følge andre sine spor.

Over skoggrensa gjekk eg utanfor spor, det gjekk fint etter kvart som snøen vart fastare/vindpåverka.

Mot toppen vart det lite snø, der grastustar stakk opp. Vinden har vel tatt med seg ein del av snøen her.

Flott utsikt frå toppen, og i grunn ein fin skitopp for oss som likar litt stigning og nedoverbakkar, men ikkje at det er superbratt ned igjen :)

Det vart fint og ope etter kvart som ein kom over skoggrensa. Her vart snøen også meir vindpåverka, noko som gjorde det enklare å gå oppover.
Det vart fint og ope etter kvart som ein kom over skoggrensa. Her vart snøen også meir vindpåverka, noko som gjorde det enklare å gå oppover.
Majestetisk utsikt mot Rondane på toppen.
Majestetisk utsikt mot Rondane på toppen.
Fin utsikt mot vest på toppen.
Fin utsikt mot vest på toppen.
Kos terreng å gå i.
Kos terreng å gå i.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.