Jølster: Grovanipa og Langeheia (11.07.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Sægrov (230m)
Endpoint Sægrov (230m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 30min
Distance 9.3km
Vertical meters 1,050m
Map
Ascents Grovanipa (1,170m) 11.07.2013
Langeheia (1,241m) 11.07.2013
På vei til Grovanipa. Kjøsnesfjorden/Jølstravatnet
På vei til Grovanipa. Kjøsnesfjorden/Jølstravatnet

50-metersjakt i Jølster kommune, status 81/85.

Kjøyrde frå Skei til Sægrov på sørsida av Kjøsnesfjorden. Parkerte ved brua. På austsida av elva startar stien mot Sægrovstøylen. Først gjennom ei grind, så over ei mark og gjennom ei ny grind. Deretter god sti til støylen. Frå Sægrovstøylen går det 2 stiar. Den eine innover dalen, den andre oppover mot Grovanipa. Fin rundtur der vi anbefaler å gå først mot Grovanipa. Pass på å ta den stien som går mot venstre. Fann merking oppover heile lia, først med ca 100 høgdemeter igjen forsvann den for oss. Raudmerking som viser om ein brukar dei 2 kulene midt i ansiktet. Frå toppane flott ustikt mot Grovabreen, Kjøsnesfjorden osv. Mot Langeheia såg vi fleire gongar ein reinflokk på ca 10 dyr. Stille og fint på toppane. Gjekk sørover mot skaret og så vestover mot dalen ned til Sægrovstøylen. Fann etterkvart god sti og enda opp der vi skulle. Fin enkel tur til ein topp som får lite besøk. Lise og Hege var turfølgje.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.