Hesteggi med haustfarger! (21.09.2025)
Skrevet av Eikås (Janne Eikås)
Bestigninger | Hesteggi (905moh) | 21.09.2025 12:30 |
---|
Finere ver i Sogndal enn Jølster og Miriam vart med på søndagstur. Miriam hadde sprunget halvmaraton dagen i forkant og ville ta ein kviledag. Ho valgte å stikke innom sin pappa som bur i området. Medan eg valgte å ta ein tur oppom Hesteggi i godveret. Den godt trakka stien og svaberga var våte etter regn tidlegere. Mykje folk å treffe på tur til Hesteggi. På toppen var det stille og fint og tid til å knipse nokre utsiktsbilder med lettare skydekke og skoddedis. Tok turen bortom den mindre varden på returen.
Kommentarer