Hovdenakken og Løkeberget (04.08.2025)
Geschrieben von ddmbeast (David Dagestad Myklebust)
Startpunkt | Halsen Parkeringslomme (300m) |
---|---|
Endpunkt | Halsen Parkeringslomme (300m) |
Tourcharakter | Jogging |
Tourlänge | 2h 10min |
Entfernung | 16,8km |
Höhenmeter | 856m |
GPS |
![]() ![]() |
Besteigungen | Hovdenakken (474m) | 04.08.2025 |
---|---|---|
Løkeberget (579m) | 04.08.2025 | |
Ramnefjellet (444m) | 04.08.2025 | |
Ramnefjellet nordøst (392m) | 04.08.2025 | |
Besuche anderer PBE | Halsen parkeringslomme (300m) | 04.08.2025 |
Parkerte på Halsen parkeringslomme, skilta og god sti heilt til Hovdenakken. Truleg fin utsikt, men tett skodde i dag. På veg tilbake tok eg av rett før Hovdenakken Nordvest og prøvde stien mot Hovdenakken parkeringslomme. Derifrå nokre hundre meter på grus tilbake til bilen og vidare på sti i retning Hammarstøylsvatnet (drikkevasskjelde) og demninga. Her følgde eg grusvegen mot Snipsøyrvatnet eit lite stykke nedover før eg tok av på ein svært våt sti som var skilta mot Stornakken og Løkeberget. Forbi Svartevatnet og like før Moldskaret delte stien seg, og da følgde eg stien mot høgre retning Løkeberget.
Partiet frå Moldskaret og til toppen var turens kjekkaste parti, og ei positiv overrasking; fin sti, fin rygg og fin helning. Såg ein hare i full fart på toppen, elles hadde skodda lagt seg også her, så det var ikkje mykje anna å sjå. På veg ned igjen følgde eg stien over Langheida og Nakken, siste hundre metera var det svært vått og mykje høgt gras. Fjellsvegen tilbake til bilen.
Benutzerkommentare