Luster/Skjåk: Greinbreen og V for Gluggevardholet (26.05.2013)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Viva (830m)
Endpunkt Viva (830m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 5h 30min
Entfernung 14,0km
Höhenmeter 1.280m
Karte
Besteigungen Vest for Gluggevardholet (1.709m) 26.05.2013
Greinbreen (1.849m) 26.05.2013

Det var godt å legge seg i påsan etter den dryge turen på Lodalskåpa.Luster/Stryn: Brenibba, Lodalskåpa + litt anna Ingen stress for dagen derpå. Plan: Vangsen. Berre for å sjå kor langt ein kunne kjøyre innover mot Styggevatnet tok vi ein tur vidare innover. Det enda på Viva der vi møtte snø som vi ikkje kom over. Fram med kart og finsikte mulighetene. Resultatet vart Greinbreen 1849 + Sprongdalsløyfti. Fjellski vart bytta ut med telemarkski og vi kunne ta dei på ved veien. Tok av før Sprongdalshytta og kryssa elva på god snø. Bratt opp til Gluggevardholet. Gjekk litt vidare før vi tok bratt opp mot topp 1849 vest for Greinbreen. Merkeleg om den ikkje har eit anna namn. Såg mot Hurrungane og hadde Geir Arne i tankane. Skal tru om han kom seg på Store Austanbotntind i dag? Nedkjøyring til Gluggevardvatnet og opp til topp 1709. Herifrå rende vi vidare vestover ein km før vi tok nordover og fekk ei fin nedrennjing til Sprongdalsreset. Hadde finmyst på denne muligheten på vei opp. Ein "kort" tur til ein 1800-metring.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Kein Titel

    Geschrieben von Signar 31.05.2013 06:30

    bilder og beskrivelse fra austanbotntind på www.alpinklatring.no

  • -
    avatar

    Joda

    Geschrieben von Garm 30.05.2013 23:49

    Joda, Store Austanbotntind fekk dosa si med seigmen pluss litt til som den nok seint vil gløyme...

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.