Storfjellet (19.05.2013)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Fetegga (1,578m) 19.05.2013
Storfjellet (1,821m) 19.05.2013

Av alle våre 69 Storfjellet (ifølge Peakbook) er Storfjellet på 1821 meter i Norddal det høgaste. Norddal har forøvrig fem eksemplar av Storfjellet pluss ytterlegare åtte Nord for nordvest/Vest for Nordvest og liknande. Lite fantasi med navnevalg her i garden med andre ord.
Men siden nevnte 1821 er kongen blant Storfjella burde jo det kvalifisere til ei vitjing meinte eg og pakka sekken.
Sein avreise laurdagen da turfølget plukka meg opp ved totida og vi fyrst var klare til start frå Grotli ved femtida. Turen starta veldig lett da vi fulgte heistraseen oppover men så fort vi forlot alpinanleggområdet vart det litt meire gjennomslag og sørpesnø. Rett før Kjerringtjønne traff vi eit par som hadde trekt inn årane. Dei kunne fortelle at trehundremeter lenger framme gjekk det nokre skumle bekker over snøen. Eg meinte det ikkje kunne være så galt og forsøkte å overbevise dei for å ha fleire å dele sportrakkinga innover med. Men dei hadde bestemt seg, det var for farleg. Vi fortsatte videre innover, tok ein omveg på eit parhundre meter for å unngå problema og fortsatte stort sett uproblematisk videre. Eit lite plump og noko gjennomslag må ein vel rekne med under sånne forhold?
Tok ei matpause ved Fremste Vikvatnet og konstaterte nøkternt at det var greit å vitje område vinterstid så ein slapp å sjå korleis reguleringa arta seg sumarstid…
Turen gjekk greit videre innover til vi kom omlag halvvegs langs vatnet. Fekk eit lite gjennomslag og sjølv om det var for meg ein ny lyd frå skia var den umiskjenneleg. Og ganske riktig, under bindinga var venstreskia knekt. Fella, nokre av fibrane i trekjerna og plastikken held skia saman nok til at eg kunne gå på den men sidan all vekta no gjekk rett ned i knekkpunktet gjekk eg gjennom for kvart skritt. Glosane som fulgte sørga for å avsmelte ein radius på fleire titalls meter.
Det var seint på kveld og ei nedkøyring til Grotli med ei knekt ski i mørke freista ikkje. Turen gjekk difor videre til Danskehytta.
Men no vart det brått slutt på galanteriet. Kommanderte turfølget i front for å trakke spor og forsøkte sjølv å henge på som best eg kunne videre bortover. Typisk ond sirkel, eg med ei mørk humørsky som fekk Dagmar frå romjula 2011 til å minne om ein flau bris hengande over meg, forsøkte å henge på turfølget som flykta for livet frå nevnte humørsky…
Ting tok tid men etterkvart kom vi oss fram til hytta. Leita gjennom båe hyttane etter noko som kunne brukast men alt eg fant var to par truger. Sjølvinnsikt er ikkje den mest framtredane egenskapen min så med null trugeerfaring vart det bestemt at morgondagens tur til Storfjellet gjekk på truger.
Resten av kvelden gjekk med til å forbanne ski & skjebne kombinert med olm skuling i veggen…

Seint i seng = seint opp og med ompakking, lang lunsj i sola og generelt mykje somling vart klokka plutseleg veldig langt på dag før vi kom iveg.
Trugane og eg vart ikkje sånn umiddelbart ”bestiser” men det gjekk no tungt men jamt oppover. Braut mykje gjennom og der turfølget på ski gjekk gjennom byrja eg gjennomtrakkinga 15 til 20 meter tidlegare, gjekk 20 til 30 centimeter djupare og gjekk gjennom eit godt stykke videre. Summa sumarum fem timer på ni kilometer. Men endeleg, klokka seks om kvelden i nydeleg kveldssol sto også eg på toppen. Ein kalde snek herja men ved å trekke nokre meter ned i solsida ved varden fant vi eit lunt og varmt leområde der vi slo oss til. Her vart det mat, soling og ein laaang cowboystrekk. Klokka var nok nærmere halvti før vi var klare til nedturen att.

Aldri så galt at det ikkje er godt for noko. Somlinga på toppen hadde drøya lenge nok til at skaren holdt ”litt” betre. Fetegga som vi passerte på 20 meters avstand på veg opp fekk ein kjapp visitt på returen. Været innbød dog ikkje på like lang pause no som Storfjellet hadde gjort og etter ein kjapp ritualgjennomgang gjekk ferda videre ned mot Danskehytta. Omlag tre timer etter at vi forlot toppen stod vi atter på Danskehytta. Trugetraskinga hadde krevd sitt og etter litt kjapp mat slukna eg tvert. Til og med raudvinsdunken eg hadde dratt med inn til hytta vart forsømt…

Måndagen kom og det var på tide med retur. Såg ikkje akkurat fram til tolv kilometer på truger ned til Grotli så eg lanserte ein super teori om at ein sving over Helleggiryggen truleg ville spare oss for eit kjedeleg gjennomslagområde i lågare terreng langs Fremste Vikavatnet. Teorien tok null omsyn til at felta med råtten snø hadde vært spredt over heile spekteret frå Danskehytta og opp til 1821 meter dagen i forvegen og hadde heller absolutt ingenting å gjere med at eg da fekk plukka med eit topp punkt ekstra. Turfølge var av den naive sorten så forslaget vart vedteke og applaudert som ein god plan.
Frå hytta og opp til toppen er det berre ein snau kilometer og eit parhundre høgdemeter men den geniale planen slo utruleg nok store sprekker lenge før toppen. Men når ein allereie hadde byrja mot toppen var det berre å fullføre. Yr.no som nokre dagar i forvegen hadde varsla knallvær denne dagen hadde gløymd ein liten detalje om tunge regnskyer. Været vart gråare og gråare på vegen oppover og skyane nedover mot Grotli lova ikkje bra. Med god vind og regn i lufta vart stoppen på Helleggi stutt. Min lille raude som vart forlatt på varden var vaska fri for sukker før vi fekk snudd ryggen til.
Rett etter toppen tok vi opp ei ugle. Ugla tok ei lita runde før den satte seg att litt lengre bort på ruta vår. Kamera fram og eit forsøk på å snike seg innpå den resulterte i nokre halvuklare foto med noko som kan sjå ut som ei ugle om du er klar over at det skal være det. Moro åkkesom.
Turen gjekk videre nedover og genialiteten i planen min var fortsatt ikkje overbevisande men no kikka iallefall sola fram litt. Tok mat ved 1354 punktet sør for Fremste Vikavatnet før vi gjekk laus på siste etappa ned mot Grotli. Noko meire snøsmelting her no enn på innturen så vi måtte trekke ein anelse høgare opp i sida mot Krosshø for å unngå overvatn på snøen. Kom etterkvart fram til bilen og ei lita stund seinare opna alle himmelens slusar seg. At Skjåk har mindre regn enn Sahara er ivertfall p***prat!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.