Korsbekkfjellet + Møre & Romsdal ser ut til å halde samme pf (23.03.2025)
Written by Eikås (Janne Eikås)
| Ascents | Ertvågsfjellet (652m) | 23.03.2025 13:10 |
|---|---|---|
| Korsbekkfjellet (694m) | 23.03.2025 13:10 |
Mange fine turer også under Møre & Romsdals lista. Kjekt å veksle imellom lister! Møre & Romsdal ser ut til å halde samme pf antallet sitt i motsetning av gamle Sogn & Fjordane og Hordaland. Som er eit sammenslått Vestland Fylke sidan 1.1.20. Her skjer det stadig endringer! Det etter sannsynlig nyere og nøyaktige målinger! Kjekt er det å følge med og like kjekt å utforske alt! :)
Etter ein fin tur til Rostolen og Pikfjellet ilag med Inge. Gjekk ferden videre til Korsbekkfjellet og Ertvågsfjellet. Sidan Inge valgte å stå over denne runda, så valgte eg å gå over fjella ifrå Bergfall til Skauset/Holmo for å sleppe å gå fram og tilbake. Det vart ekstra kjekt for meg og Inge var godt nøgd med å sjå siste rennet til brødrene Thingnes Bø i Holmenkollen. Det var ein godt merka sti med pinner til Korsbekkfjellet og greit å finne ca sti ruta i snøfonnene som låg ifrå ca 500 moh opp mot toppen. Ifrå Korsbekkfjellet til Ertvågfjellet valgte eg min egen veg. Ifrå toppen av Ertvågfjellet fulgte eg ein godt trakka/merka sti nedover ryggen eit stykke. Drog så av stien, litt usikker på kor den stien gjekk vidare! Kanskje til Nersetra!! Eg hadde uansett valgt å gå til Ålmo der eg hadde avtalt at Inge skulle plukke meg opp. Ein superfin tur i eit flott fjell og naturområde med nydelig ver. Ingen å treffe på tur.

















User comments