Frå telt på Bandet til Gjendebu via Memurudalen/Bukkelægeret (23.08.1992)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Sjugurdtinden (1305moh) | 23.08.1992 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Bukkelægret klyving | 23.08.1992 |
Gjendebu (990moh) | 23.08.1992 |
Seinsommartur i Jotunheimen 1992, dag 2
Me vakna i teltet på Bandet til grått og vått ver, og det vart meir av det same resten av dagen. Turen ned til Memurubu gjekk oppskriftsmessig, men sidan det var så kort dit, tok me like godt vegen vidare til Gjendebu. Det freista ikkje å slå opp det våte teltet igjen, så sovesal på Gjendebu var klart å foretrekka. Som variasjon tok me stien om Memurudalen og ikkje over Sjugurdtinden, der eg gjekk med mor og far for tre år sidan. Trass det låge skydekket fekk me flott utsikt mot Knutsholet og ned Bukkelægeret mot Gjendebu.
Kommentarer