Sogndal/Leikanger: Lusaskard og Skriki (27.04.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Mannsverk (360m)
Endpoint Mannsverk (360m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 20min
Distance 20.3km
Vertical meters 1,350m
Map
Ascents Lusaskard (1,004m) 27.04.2013
Mjellhaugane (997m) 27.04.2013
Skriki (1,232m) 27.04.2013

Kom frå Sogndal og tok av på Fardal mot Raunehaug 5,0 km. Tildels dårleg veg oppover dalen, men dette skal det bli endring på no. Folket her "vann" kampen om linja Ørskog-Fardal. Er vel dei einaste eg har høyrt om som ser slik på det. Grunnen er at det blir bygd no 5 m brei veg nesten til Slakkafjellet som skal tåle xxx tonn. Frå siste garden såg vi motorvegen ta form oppover fjellsida. Ein svært pratande lokalkar på Valmet fortalde om vegen og fjella i området. Alltid moro å møte slike folk.

Lise på Lusaskard 1004
Lise på Lusaskard 1004

Planen var rundtur Fjellsete, Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki og nedkjøyring frå siste topp til Mannsverk igjen. Kort skibering før vi tok på skia, gjekk med breide telemarkski med tanke på nedfarten. Eigentleg ikkje spesielt tungt og dessutan utruleg mykje kjekkare nedover. På eit par dagar hadde den siste nysnøen 30-40 cm satt seg veldig godt og no var det berre å ause på innover det slake terrenget. Flott temperatur endeleg! Mykje kalde turar til no i år, godt å kjenne sola ta tak. Matpause på Lusaskard med flott utsikt i alle retningar. Ein forholsvis lav anonym topp i terrenget. Blånipa er namnet dei brukar på Mannsverk iflg lokalkaren. Feller av og rende sørover, etterkvart langs kommunegrensa mot Havravotni. Eit bratt parti opp her mot Mjellhaugane. Etter å ha studert Skriki herifrå bestemde vi oss for å gå rundt og opp frå sørvest. Mykje stein og rabbar som stakk opp i nordsida. Siste matøkt på Skriki før nedfarten. Ved varden er det bok, namnet på kassa er Veten. Nokre meter lenger nord er høgste punkt 1232. Glei rundt Skriki på vestsida til Skriksvatnet. Vidare i skog og etter kvart råten snø til Mannsverk. Glad for dei breide skia. Vel nede kom lokalkaren kjøyrande og det vart endå ein lang prat om fjell, linje, felles kjende og alt muleg. Ein veldig flott dag i Sogndal kommune.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.