Austre og Midtre Holåtindane (06.09.2024)  6

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 57min
Distanse 18,6km
Høydemeter 1110m
GPS
Bestigninger Vest for Austre Holåtinden (1875moh) 06.09.2024 10:56
Austre Holåtinden (2043moh) 06.09.2024 13:40
Midtre Holåtinden (2047moh) 06.09.2024 14:37

Høgtoppane i Breheimen har vore omtenkt i mange år. Som skitur hadde nok vore fantastisk, men då skal mykje klaffe. No vart mine to fyrste 2000 toppar i Breheimen nådd til fots frå Middalen. Køyrde inn vegen til DNT-hytta Nørdstedalseter. Vegen opp og naturen under vegs var ei oppleving i seg sjølv. Like før DNT-hytta svinga eg til venstre på ny grusveg inn Middalen. Her var vegen ujamn, men det gikk bra. Heile 7.4 km var denne etappa, til der eg parkerte litt før ein tipp. Her følgde eg varda rute mot Trulsbu til eit vatn, og så prøvde eg å finne ei grei rute opp mellom toppane. Til Austre heldt eg godt ut nord. Ikkje vanskeleg å bestige denne, men ein blir andpusten. Det som imponerte mest på turen var den enorme brea nedanfor toppane. Men ein ser her at den minkar kraftig. Nokre bilder på Austre, og så ned på bandet og opp til Midtre. På avstand såg det bratt ut. Eg heldt med rett opp på svaa. Det fungerte greitt, og var ikkje vanskeleg. Tok meg litt tid her, såg bort på Vestre, og breane. Ei bre bråka kraftig tre gonger. Eg trur det var i fjellryggen sørover frå Midtre. Ned frå toppen, var det fint å gå på svaa. Tok sjans ned på skrå frå skardet, då eg var nede frå toppen. Gikk heilt greitt, men nokre store blokker måtte rundast. Kom litt for langt ned, då det var flotte sva her og. Då kom eg litt ut på bre, men i eit flatt parti, og den var kun ca. 0,5 - 2 meter tjukk. Fin tur nedatt i godt varmt ver. Utruleg flott landskap å kvile auga på når eg køyrde nedatt. To gonger over fjellevegen Turtagrø - Årdal er også berre kos.

Komme i gong innover. Ser du Middalsbu ?
Komme i gong innover. Ser du Middalsbu ?
Midtre og Austre Holåtindane. Toppane kjem nærare.
Midtre og Austre Holåtindane. Toppane kjem nærare.
Vesldalstinden 1805 nærast. Vestraste og Vestre Hestbreapiggane, dei to andre.
Vesldalstinden 1805 nærast. Vestraste og Vestre Hestbreapiggane, dei to andre.
Snart byrjar eg på stigninga til Austre Holåtinden.
Snart byrjar eg på stigninga til Austre Holåtinden.
Snur meg på veg opp til Austre, og tek bilde mot Midtre.|
Snur meg på veg opp til Austre, og tek bilde mot Midtre.|
Varden på Midtre Holåtinden. Ser vestover.|
Varden på Midtre Holåtinden. Ser vestover.|
Vestre Holåtinden. Dit går eg frå vest ei anna gong.
Vestre Holåtinden. Dit går eg frå vest ei anna gong.
Frå Midtre Holåtind, med Austre Holåtind i bakgrunn.
Frå Midtre Holåtind, med Austre Holåtind i bakgrunn.
På veg ned frå toppane. Ser mot 1428-vatnet.
På veg ned frå toppane. Ser mot 1428-vatnet.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.