Hemsedal, Veslebotnskarvet m. fl. (17.08.2024)
Skrevet av Esone (Einar Moen)
Bestigninger | Kyrkjebønøse S2 (1601moh) | 17.08.2024 13:36 |
---|---|---|
Kyrkjebønøse Sør (1608moh) | 17.08.2024 13:45 | |
Leinenøse (1675moh) | 17.08.2024 14:04 | |
Nordvest for Vestrebotntjerne (1548moh) | 17.08.2024 14:37 | |
Sør for Isbretjerne (1735moh) | 17.08.2024 15:33 | |
Veslebotnskarvet (1778moh) | 17.08.2024 16:46 | |
Andre besøkte PBE'er | Kyrkjebønøse parkering (745moh) | 17.08.2024 19:20 |
Var litt i tvil om turen lot seg gjennomføre i dag grunna vind. Satsa på Yr.no sin overestimering. På brattaste partiet mot Kyrkjebønøse var det vanskeleg å halde seg på føtene grunna vinden. Men det roa seg oppå fjellet, og vinden var i ryggen. Leinnøse etter 1:55, og då tok eg avgjerd om neste topp. Kunne alltid sleppe seg ned i Trøymsbotn, om det vart for gale. Men rundturen gikk som planlagt, og vinden var berre sporadisk til plage. Godt nøgd med rutevalet, og eg hadde førebudd meg og sett på diverse spor til liknande rundar. Men valet tek ein stort sett ved å lese terrenget, når det er bra sikt som i dag. Appen og sporet er godt å sjå til om ein er usikker, eller litt ute av kurs. På siste toppen var plan å gå i retning vatnet, men urda var grei, og eg slepte meg difor noko meir direkte ned i Veslebotn. Rimeleg lang retur, men sti etter kvart. Nede i skogen var det ualminneleg mange trefall. Det var merka blått frå litt over skoggrensa. Då eg var ferdig med stien, viste det seg at det ikkje var lett å finne sti som leda til bru over elva. Eg måtte difor gå helt ned i sentrum på austsida, og heile 1,4 km. og 110 høgdemeter oppatt, for å hente bilen ved parkeringa ved grustaket. Det viste seg at det var ei bru mot ei hytte og ein gard, men ikkje merka eller tilvist frå stien på austsida ned frå Trøymsbotn. Godt nøgd med denne turen. Opplevelse å vere så lenge oppi golde landskapet, og utfordringa med å gå rasjonelt. Mykje vakker natur undervegs, og fleire reinflokkar.

Benutzerkommentare