Coley smoke (05.08.2024)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Djupfjord
Characteristic Climbing
Map
Visits of other PBEs Bare Blåbær (200m) 05.08.2024 19:02

Andre dag på aleinebiltur frå Vesterålen til Nordfjord. Denne dagen hadde eg fått napp på klatring hjå ein gammal kollega frå Molekylærbiologisk Institutt i Bergen. Kari hadde byrja å tradklatre på forskingsopphald i Peak District, og no var ho og venninda Ann Karin på Lofoten-raid. Dei ville klatre multipitch, og vi gikk for Coley Smoke (5+, 4tl) på Bare Blåbær-veggen.

Eg overnatta i bilen ved Djupfjorden, men unna meg ein frokostbuffet på Trevarefabrikken før oppmøte på parkeringa. Innmarsjen gikk unna, og klatringa såg fin ut! Her var målet å kose seg, og at alle skulle få prøve seg i skarpenden. Ann Karin tok første lengde (4) og den var raskt unnagjort. Så tok eg andre lengde (5), og angra raskt på at eg hadde pakka så stor sekk. Ingen planar om å gå tom for vatn i tropevamen, fosds. Men opp kom man - flott dieder! Kari tok tredje lengde (5) før eg fekk kremlengda til slutt (5-) opp ein kamin og inn i eit stort og enkelt dieder. Her er det litt oppsøkande klatring opp eit fint fingerriss på svaet på venstre sida.

Då eg kom på hylla såg eg at her var jo ei rogn eg kunne sette standplass i - luksus! Så eg lena meg fram for å slynge den, og der fekk eg ein skarp kvist rett i auget! Milde måne, den gikk langt inn - veldig rar følelse! Litt eigendiagnostisering for å anslå alvoret. Men auget virka framleis, sjølv om det var ganske irritert.

Etter den litt kronglete nedturen og litt utmarsj vart det klart at eg måtte på legevakta på Svolvær. Skade på auget, men ikkje så alvorlig at det gjorde noko, så då vart det antibiotikasalve og klarsignal for å køyre sørover. Klatring er farlige greier. Men ikkje så farlig.

Så vart det å byrje på turen sørover. Køyrde til Lødingen og tok ferga til Bognes, med Stetinden lurande i nattelyset. Campa ved innhavet med fantastisk utsyn. Eit nordlandseventyr var på hell - men for eit eventyr!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.