Storegut (30.07.2024)

Geschrieben von ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Tourlänge 6h 39min
Entfernung 26,7km
Höhenmeter 2.338m
GPS
Besteigungen Høgbrøtet (1.627m) 30.07.2024
Storegut (1.965m) 30.07.2024

Nokre gongar er det berre dei raude nålene på PB-kartet som avgjer kva som blir formålet med ein tur. Kynismen tek overhand.
Eg håpar at eg hadde prioritert Storegut sjølv om toppen ikkje hadde vore med på liste ditt eller datt. Innover Mjølkedalen, nokre få år sidan sist. Lette fjellstøvlar i dag - eg tykte det vart vel mykje Donald Duck - gåing med VJ på Stora Hånosi, so med forventing om urd, valde eg annleis no.

Ved 1433-tjønnet gjekk eg nordvestover og opp i passet. Seinare var eg for langt oppe i flanken, inn mot ryggen der ein tek opp mot nordflanken på Storegut. Då eg var vel oppe i tilkomstrenna, såg eg kor fint det var langs det nedre Mjølkedalstjørnet. Opp på snø, so litt urd/småklyving, og etter kvart nokre prima gå-sva som tok meg langt opp raskt. På omlag 1730 m o h gjekk eg mot høgre og dei store flankane med snøfelt, då svapartiet såg ut til å løyse seg opp.
Venstre snøfelt, so ekkel men udramatisk klamreklyving på dei største partiklane i ei svampete, laus urd. Oppe på ryggen, og lett til topps.

Eg tok ei rute lenger vest ned att, slik at eg kom rett ut på snø etter toppryggen. Fyrst sparkande trinn baklenges, so framlenges, so glissade. Eg kjenner dei som hadde gått rett i glissade, men eg er ikkje i den livsfasen no.
Lengre nede var det vekslande botnmorene, rasmassar og langt ned, gamal endemorene. Det er ikkje noko kvalitetsstempel når det handlar om å passere terrenget, men ho varte ikkje lenge.
Høgbrøtet var den andre 100-m-sjølvstendige toppen eg ikkje hadde vore på, og eg valde å gå inn frå Mjølkedalsvatnet, omlag rett austover. Eg kom for langt opp mot Høgdebrothøgdi, men tapte ikkje mykje på det. Dette terrenget var heilt nytt for meg. Nokre stader låg det 'tjukke lag av' skiløypestikk, men det var og det einaste som minna om menneske og inngrep. Toppen låg og gøymde seg bak den synlege ryggen, men til slutt sto han fram. Då eg var oppe, kom to jenter i studentalder og opp. Eg skjøna at det var sti og toppturtilbod under tilretteleggjing frå Fondsbu og fekk etter kvart gleda av å formidle dei finaste toppane som er synlege herfrå.

Stien frå fotturruta til Olavsbu og opp er landskaps - og vegvalmessig godt lagd. Eg greide å fylgje han 85% av vegen, og der eg missa han var det idyllisk og lett å kome seg fram.
Overbefolka Fondsbu - eg hadde verkeleg tenkt å slappe av med noko dyrt og godt denne gongen, men trakk meg unna som eit anna rovdyr ved lukt av menneskje.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.