Bremanger/Gloppen: Kvannbotnfjellet (13.04.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Yksneelvane (40m)
Endpoint Yksneelvane (40m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 9h 30min
Distance 36.0km
Vertical meters 2,060m
Map
Ascents Kvannbotnfjellet (1,215m) 13.04.2013
Straumsryggen (1,285m) 13.04.2013
Aust for Øvre Bredvatnet (1,077m) 13.04.2013

Kroksleiven som bur eit par steinkast frå fergekaia kom akkurat tidsnok til ferga frå Stårheim 0915. Vi ausa utstyret inn i bilen vår, men solbrillene gløymde han. I gjengløymtavdelinga på ferga fann han eit par legendariske briller. Parkerte i Yksneelvane der bomvegen startar. Dvs ikkje betalingsbomveg men stengd veg med bom. Har gjort meg mine tankar om for eit fantastisk område dette hadde vore utan naturinngrepa. Når vi kjem opp på kanten og ser dei nedtappa vatna er det ikkje til å bli glad av nei. Gjekk vidare opp mot punkt 594 og sørover Svedjene aust for Bukkenibba. Lettgått og jamn stigning sørover her. Det kom sigande skyer sørvestfrå, uværet som var meldt dagen etter var i anmarsj. Etter kvart litt vind og, men skyene sprakk opp og vi hadde tidvis flott ver. Tok opp høgde til ca 1100, på slutten av ryggen måtte vi ned ca 100 høgdemeter igjen. La turen oppom 1078, ein tvilstopp i 50-meterslista. Ut frå kotene på kartet er det truleg at skaret nord for toppen er godt under 1030. Vidare rett sør til vatn 864. Kort matpause her og feller på igjen. Rett kurs mot Straumsryggen 1284. Langt gliparti i fin snø austover til siste bakken opp til Kvannbotnfjellet. Veldig kort pause på dagens hovudmål Kvannbotnfjellet, GPS viste alt 20 km og vi hadde heimvegen igjen. Fortsatte mot vatn 866 som vi runda på austsida. Når vi endeleg var oppe på ryggen igjen var vi definitivt klare for å gli nedigjen til veien. Lang tur til ein av dei mest bortgjøymde toppane i Nordfjord var i boks.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.