Skjellingshovdene (20.07.2024)
Written by ersystopo (Erlend Råheim)
Ascents | Store Skjellingshovde (856m) | 20.07.2024 |
---|---|---|
Vesle Skjellingshovde (860m) | 20.07.2024 |
Skjellinghovdene er inarbeidde omgrep for Randsfjord-/Begnadalsmassiv-åsar som nestan vert fjell. Men det er meir spesielt at dette lange høgdedraget med hardt berg ikkje har ein og annan rakkar som utfordrar 1000-meteren og tregrensa enn at nokre åsar nestan gjer det. Uansett, ein skikkeleg omveg til hytte og vedlikehald.
Skjellingvegen er nytt land, og ein uproblematisk grusvegtur på omlag 16 km førte meg til ei parkeringslomme ved ei hytte ved eit Langvatn. Det fanst parkering lenger inn, men oppvarming i slakk motbakke, grusveg var freistande. Steikande varmt, og truleg kom insekta til å tære like mykje på kreftane som det fysiske.
Skjellingen låg der framme, som det næraste du kjem fjellgard i dette området. På veg dit er det mogeleg å ta av på feil sti, og det gjeld å vere tålmodig og gå rett fram til ein er inne på jordvegen. Kort, intens stigning, og so kvalitetstid i tårnet.
Med den rette stien nordvestover går det over smååsar og mellom myrer. Eg tok av ved ei lita, rund mye der stien svingde meir rett nord. Inn i myra, schwlurp. Eine beinet nedi til .... - farleg myr på o-kartspråk. Og det sto litt på spel, når samtlige 3 opplåsingsmedel til bil var i midjebeltet.
Vidare mot Hovdeskardet i terreng med mykje motstand i tuer og lyng. Tanken var å take toppen frå nordaust ved å gå rygg frå skardet, rett vest, og so sørvest. Snart stoppa ting opp i store skjørtegraner og mykje terrengmotstand sør for denne ryggen. Vidare oppe på eit slags platå var nokre myrer fine å springe, men her var det eit mylder av små høgdepunkt som ein i mangel på noko anna enn ei gjerrigknarkutskrift frå PB måtte sjekke. So vart eg lei av kollar, tok opp tlf./navi og fann toppmarkeringa etter mange ikkje-naudsynte små stigninger. Lite utsyn. Mykje floge, klegg og mygg.
No var eg klar for noko anna og sprang ned i fint terreng mot ein dal i nordaust som førte til eit myrlende og såg bra ut med tanke på å ta stisvingen frå bortturen på kompass. I skuggedalen gjekk det ein liten sti sume stader, og myrene var jamne og fine. Etter kvart fulgde/kryssa eg dalen som går til Hpvdeskardet, og no såg det best ut å halde seg i nærleiken av eit bekkedrag opp på austsida. Sjanglande av varme, insektkamp og kraftuttak kom eg inn på stien der eg hadde tenkt og sprang til startpunktet med eit tilhøve mellom puls og fart/framdrift som kjenneteiknar ein omvandrande nevrofysiologisk katastrofe.
Litt kattevask i ein bekk overmetta av humussyre, kjøling i bilen og tankespinn rundt opphentingsarbeidet som måtte gjerast med musklar og kropp for å bli klar til langtur morgonen etter.
User comments