Årdal, Mannsbergvatnet rundt med toppar (03.07.2024)
Skrevet av Esone (Einar Moen)
Bestigninger | Vetle-Knipen (1470moh) | 03.07.2024 13:54 |
---|---|---|
Sørvest for Nordre Knipen (1405moh) | 03.07.2024 14:18 | |
Nordre-Knipen (1553moh) | 03.07.2024 14:46 | |
Søre-Knipen Øst (1529moh) | 03.07.2024 16:13 | |
Søre-Knipen (1551moh) | 03.07.2024 16:27 |
Køyrde opp til 1300 moh. på grei grusveg. På sti inn til fjellet, og greitt opp til toppen Vetle-Knipen. Kjem nær på Hurrungane i frå dette området. Plan var så Søre-Knipen. Men så vart det freistande å gå til Nordre-Knipen fyrst. Stort sett sti-heilt dit, fyrst på ei DNT-rute, men skrinnare sti deretter og til toppen. Meir markert topp dette. No vart det freistande å gå rundt Mannsberg-vatnet. Og slik vart det. Kanskje noko lenger enn tenkt, men fint terreng å gå i. Gikk mot instllasjonen, men såg så at det ikkje var Søre-Knipen Øst, så litt korreksjon. Men veldig grei rute eg fann opp til dette fjellet. Vidare til høgaste punktet på Søre-Knipen etter få minuttar. Gikk ikkje bort til store varden, som er 4 meter lægre. Gikk så bort på kanten for mogeleg rask retur. Rekognoserte litt om ein kom ned der no, men fasiten vart nei. Eg hadde også mine tvil på grunn av fleire og omfattande snøfelt like under fjell-kanten, som eg oppserverte frå Vetle-Knipen tidlegare på dagen. Ingen passje, mellom snøbruene. Så då vart det litt tilbake på fjellet og prøve ned der høgtde-kvotane såg passe greie ut. Det gikk fint. Noko blautt og myrete nokre få stader på retur til vegen. Fin tur, der eg burde ha inkludert Graveskarnosi. Men plan var kun Vetle- og Søre-Knipen i dag. Ei banan og ein bar vart for lite drivstoff til den avstikkaren. Den ligg der, og då får eg utforske ruta frå Tyin-osen ei anna gong.
Kommentarer