Lodalskåpa (04.05.2024)

Written by ArilT (Aril Torheim) GSM

Start point Bødalssætra parkeringsplass (622m)
Endpoint Bødalssætra parkeringsplass (622m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 12h 37min
Distance 22.9km
Vertical meters 1,730m
GPS
Ascents Lodalskåpa (2,082m) 04.05.2024 08:00

Lodalskåpa

Randotur til Vestlandsdronninga med Henrik og Ingrid.


Etter den varme våren var snøsmeltinga komt langt i Bødalen. Skia måtte dermed bærast til vi var over Fessene. Opp Fessene tok vi på stegjerna då det her låg igjen ein del snøv.



Vidare var det berre å trakke på opp mot Brattebakken, over Bohrsbreen og vidare opp mot Veslekåpa. Himmelen var skyfri og sola steikte.



Ved Veslekåpa knytte vi oss inn i tau, og gjekk i taulag fram til foten av Kåpa. Opp siste bakken mot Kåpa var isøks og stegjern til god hjelp.



Sist gang eg var på Lodalskåpa låg tåka tett rundt toppen og vi fekk kun sett korte glimt av utsikta. I dag var derimot forholda ganske annleis, og vi kunne skode utover Jostedalsbreen, Breheimen, Vestlandet og mot Hurrungane.



Returen ned bakkane til Fessene gjekk som ein leik. Spesielt partiet frå Veslekåpa og ned til Bohrsbreen baud på fin køyring.

Ved Fessene måtte skia på sekken igjen. Stegjerna og isøksa var igjen til god hjelp ned snøfeltet. Ein vil helst ikkje skli her, då snøfeltet endar nede i elva.

Nedanfor Fessene gjenstod ca. 3 km utmarsj med tunge sekkar tilbake til bilen.



Takk for fin tur!


Start date 04.05.2024 08:07
(UTC+01:00 DST)
End date 04.05.2024 20:45
(UTC+01:00 DST)
Total Time 12h 37min
Moving Time 6h 54min
Stopped Time 5h 43min
Overall Average 1.8km/h
Moving Average 3.3km/h
Distance 22.9km
Vertical meters 1,729m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.