Jølster: Bjørga + nokre pf > 50 (01.04.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Fossheim (220m)
Endpoint Fossheim (220m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 12min
Distance 23.5km
Vertical meters 1,600m
Map
Ascents Bjørga (1,551m) 01.04.2013
Storaksla (1,503m) 01.04.2013
Trollebottsnova (1,266m) 01.04.2013
Trollebottsnova sørvest for (1,170m) 01.04.2013

Det begynner å bli langt å kjøyre for å finne nye toppar til dagsturar. Dagens hovudmål var 2 toppar i Jøster 50m-lista. I tillegg eit gjensyn med Bjørga og Storaksla som vi gjekk for nokre år sidan frå Befringsstøylen. Parkerte ved Fossheim Kraftstasjon på Skei. Ein einsleg skiløpar la i veg akkurat i det vi parkerte, han såg vi aldri igjen. På vi oppover skogsvegen vart vi forbikjøyrd av ein lokal kar på traktor med 2 ungar ca 9-12 år som skulle på tur. Dei langa godt av gårde oppover og skulle på noko dei kalla Steinbotnsegga (namnet står ikkje på kartet). Godt å sjå rekruttering i miljøet. Passa på å skryte godt av både faren og ungane.

Frå topp 1170 mot Trollebottsnova 1266
Frå topp 1170 mot Trollebottsnova 1266

Gjekk forbi Indre Fossheimstøylen og lett vidare over Instebotnvatnet. Vidare sørover mot skaret mellom Høgenipa og 1170. Frå topp 1170 ned over Trollebottsvatnet og opp til Trollebottsnova. Dei 2 nye toppane var i boks. To alternativ vidare. 1 mot 1388. 2 mot Storaksla og vidare rundt Tverrelvbottsvatna. Vi valde den siste. Mot Bjørga såg vi ein einsleg telemarkkjøyrar som starta nedkjøyringa mot Befringsdalen. Tette byger på vei inn frå nordvest. Retur over Storaksla og ryggen mot Litleaksla. Der er det ei renne rett nordover som vi rende ned. Dårleg skiføre. Potetgull og brus som vanleg på Esso Skei.

Kroksleiven og Boven på Bjørga 1551
Kroksleiven og Boven på Bjørga 1551

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.