Høgeskolten (18.05.2024)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 1h 10min
Distance 4.1km
Vertical meters 313m
GPS
Ascents Granefjell (307m) 18.05.2024 13:50
Høgeskolten (307m) 18.05.2024 14:00

Tur to i dag. Her også var det merka fint med staurar og vardar med blå måling. Difor lett, og elles hadde det vore vanskeleg å finne fram i dette ulendte kyst-terrenget. Vekselsvis sva og sti å gå på. Etter dagar med turr-vèr var det greitt med låge sko, også her. Då eg kom opp til den realtivt store installasjon for "El-signal", merka eg meg at den var måla i mørk grøn farge. Svært positivt, då den slik ikkje viser særleg i terrengen på avstand. Vidare på sti som går mot Gjervik. Kjapp avstikkar opp på Høgeskolten. Ser at dei to toppane oppå her har same høgd, 307 meter. Kven som er høgast, veit ikkje eg. Nedatt tok eg ei meir direkte linje. Sikkert ikkje mykje å spare, men alltid moro med variasjon. Delvis på sti eit par hundre meter før tangering av sti eg nytta opp. Kjapp og fin tur.

Installasjon på Granefjellet.
Installasjon på Granefjellet.
Utsikt austover frå Granefjellet.
Utsikt austover frå Granefjellet.
Høgeskolten.
Høgeskolten.
Utsikt frå Høgeskolten og nordvestover.
Utsikt frå Høgeskolten og nordvestover.
Utsikt frå Høgeskolten og vestover.
Utsikt frå Høgeskolten og vestover.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.