Storskrymten (29.03.2013)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Salhøa (1,853m) 29.03.2013
Storskrymten (1,985m) 29.03.2013

Hadde sett for meg Storskrymten som ein to eller tredagerstur med overnatting på Åmotdalshytta, noko eg også hadde forsøkt tidlegare men værvarselet var greit og Skrymten hadde stått på ønskjelista mi lenge så under vurdering av turalternativ for komande dag enda eg raskt på den.
Som sagt så gjort. Klokka sju dagen derpå stod eg klar ved parkeringsplassen etter ei dyr bompassering. Det var femten blå da eg reiste frå heime men her var det nok minst det dobbelte. Pakka meg inn og la iveg innover Skamsdalen. Litt svak vind gjorde kulda ekstra grusom. Gjekk på det eg makta for å oppnå litt varme men med begrensa resultat. Kulda gjorde at det ikkje var så mykje tid til rutevurdering ved Skamsdalssætrin. Spor gjekk opp både på aust og vestsida av Jori så eg valgte sumarruta på vestsida. Spora enda sjølvsagt 150 meter etter sætrin så da vart det basing i sukkersnø videre. Sukkersnøen gjekk etterkvart over i skaresnø med tilhøyrande tempoauking.
Sola hadde no byrja å jobbe litt og fyrste pausa vart gjennomført ved Lesjøhytta. Her vart det også litt teiping av gamle blemmer og gnagsår frå tidlegare påskemoro. Kulda var fortsatt tilstedeværande og pausa vart ikkje lengre enn høgst nødvendig før eg fortsatte videre innover.

Dagens hovudmål, kameraten til venstre.
Dagens hovudmål, kameraten til venstre.


Det gjekk radig over Lesjøen og opp Vollan. Frå Lesjøhytta hadde eg også hatt utsikt til dagens turmål. Forbi Leirsjøtelet kom dagens fyrste bomullsdotter opp. Toppen av Drugshøi vart kjapt dekka og skylaget såg ut til å reise videre mot min topp. Ikkje tale om tenkte eg og satte opp farten i eit håplaust forsøk på å koma fyrst. Litlskrymten fekk raskt sin dott men Storskrymten held seg rein mens eg fortsatte rotterace oppover mot punkt 1547 og videre til toppen.

Ikkje bra...
Ikkje bra...
Eit komande problem.
Eit komande problem.

Det gjekk jamt oppover og etterkvart dukka varden opp på omlag 150 meters avstand. Kikka fornøgd over mot Drugshøi og konstaterte at eg utruleg nok hadde seira. Tusla stolt og storfornøgd videre men eit kraftig vindkast fekk meg til å kaste eit blikk bakover etter 50 meter. Der kom det seglande eit tungt gråvær frå Stortverråtinden i høg fart. Tuslinga gjekk over i desperat løping på skia oppover men etter nye 50 meter drog gråværet forbi og la seg solid rundt toppen. Takk skal du %&¤# meg ha…

100 meter frå toppen og godvær på veg inn.
100 meter frå toppen og godvær på veg inn.
Ein liten glipp i skoddeh*****e.
Ein liten glipp i skoddeh*****e.

Det vart surt på toppen. Tok meg tid til litt tradisjonshedring og skreiv meg også inn i toppboka som nummer 13 i 2013. Overtruiske kan dra sine konklusjoner utav det…
Gnagsår og blemmer, kombinert med været gjorde det enkelt å droppe resten av planen for dagen. Steinkollen, Salhøa, Stortverråtinden og Sjongshøa fekk ligge til seinare, no var det berre å rive av fellane og koma seg raskast mogleg nedatt. Nede på 1753 punktet klarna det typisk nok opp og vart riktig fint vær. Vurderte å gå oppomatt men svingte istaden bortom Salhøa. Tok meg meget god tid på toppen da eg rekna med at returen kom til å gå lett.
Etter godt over ein time, kanskje nærmere to vart det plutseleg merkbart kaldare Fulgte ryggen nedover mot sør og skrådde over Leirsjøtelet mot oppturspora mine. Sola sto fortsatt høgt men effekten var så som så.

Slik såg Storskrymten ut resten av dagen. Ja ja, må nok oppom heratt seinare ein gong for å få med utsikta.
Slik såg Storskrymten ut resten av dagen. Ja ja, må nok oppom heratt seinare ein gong for å få med utsikta.

Returen over Lesjøen var lang. Blemmer og gnagsår var merkbare og i tillegg hadde eit eller anna i ryggen gjort høgrearmen meir eller mindre ubrukeleg. God skare ga god glid nedover Skamsdalen i byrjinga, men nedover ein av dei brattare bakkane braut plutseleg skia gjennom skaren. Klarte på eit truleg svært lite elegant vis å halde meg på beina lenge nok til at eg nådde ein svellkul nokre meter nedanfor. Der gjekk eg på snørra så det sang etter.
Turen videre nedover Skamsdalen virka utruleg mykje lengre enn den hadde gjort på veg opp og mot slutten var kroppen så skakk køyrt at eg måtte fortsette til fots med ski på sekk utan at det var så mykje meire behageleg. Fekk tilslutt karra meg ned til bilen og la i veg i halvsvime nedover Gudbrandsdalen.
Nedover Dombåsbakkane ringte mobilen. Kasta eit blikk på den og fekk både frysninger nedover ryggen, morgonkvalme og PTSD da eg såg kven det var.
Ei klingande nordlandsstemme lød uforskamma munter ut i andre enden: Vi skal gå Memurutinder i morgon, interessert?

Og svaret mitt: Vel, IQ er noko dritt…

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.