Fløtatind, Henrikbotnnebba og Litjskjorta (30.03.2024)
Written by aarvag (Steinar Aarvåg)
Ascents | Fløtatinden (1,711m) | 30.03.2024 |
---|---|---|
Henrikbotnnebba (1,213m) | 30.03.2024 | |
Litlskjorta (1,552m) | 30.03.2024 | |
Saufjellet (1,200m) | 30.03.2024 |
Storslagen runde i Øksendalen - starta tidleg frå Brandstad med lovnadar frå meteorologen om skyfri himmel. Vi forstod tidleg at det ikkje kom til å bli riktig slik, og akkurat i det vi nådde toppen av Fløtatind tetta det seg til og vi fekk ein snøeling rett i ansiktet. Etter litt venting på betre sikt manøvrerte vi oss ned til Saufjellet på hardt og dårleg skiføre.
Deretter gjekk turen over Henrikbotnnebba og vidare opp til Litjskjorta. Litt mjukare snø å finne her, så turen opp frå Brandstadskaret gjekk med ski på beina, før det vart til fots siste biten opp til Litjskjorta. Retur via Kannsdalen og etterkvart på fin sløsj ned til skoggrensa.
User comments