Tverrådalskyrkja (02.09.2023)

Written by ArilT (Aril Torheim) GSM

Start point Sota Sæter (743m)
Endpoint Sota Sæter (743m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 49min
Distance 24.1km
Vertical meters 1,840m
GPS
Ascents Steinkollen (2,018m) 02.09.2023 09:50
Tverrådalskyrkja (2,088m) 02.09.2023 09:50
Tverrådalskyrkja S1 (2,077m) 02.09.2023 09:50
Søre Tverrådalskyrkja (2,034m) 02.09.2023 09:50

Tverrådalskyrkja

Familietur i Breheimen


Vi hadde lenge snakka om en familietur til Tverrådalskyrkja. Denne helga var det meldt bra vêr, så eg tok turen heim i frå Bergen fredagen. Laurdag morgon var vi klar for tur over Strynefjellet. Med på turen var mor, far, Silje, Britt og Hedda.
Ankomst Sota Sæter rundt halv 10, litt seinare enn kva eg foretrekk, men det fekk stå til.

Det gikk radig opp skogen bak Sota frem til Steindalen kor vi tok vår fyrste rastepause.


Tverrådalskyrkja kikar fra bak Nordre Tverrådalskyrkja.
Tverrådalskyrkja kikar fra bak Nordre Tverrådalskyrkja.

Steindalen starta med lettgått terreng på berg og stabile steinar. Etterkvart som vi passerte Styggvatnet og nærma oss Fortundalsbreen vart steinane meir ustabilie og vi måtte være litt meir forsiktige med kor vi satt føta.

Fortundalsbreen var avsmelta og vi kunne ikkje sjå sprekker anna enn i midtpartiet kor det rann ei breelv. Vi vurderte det derfor som trygt å følge breen langs kanten. Alternativet var å følge ura på vestsida av breen, men her var steinane veldig lause. I tillegg var det også ein bratt hammar på oppsida med mykje lausstein i.


Fortundalsbreen.
Fortundalsbreen.

Vi runda hammaren, og fulgte etterkvart steinura oppover mot Tverrådalskyrkja. Det fyrste partiet her var også ganske laust.

Eg hadde planar om å også nå bort om Søre Tverrådalskyrkja og Steinkollen denne dagen. Tida var begynt å renne ifrå meg for å nå dette prosjektet. Eg var derfor nødt å sette opp tempo og forlate resten av gjengen for ei stund.

Eg gjekk litt for langt sør til å starte med, men fekk etterkvart skråa meg inn mot toppen igjen. På toppen av Tverrådalskyrkja fortsatte eg direkte mot Søre Tverrådalskyrkja. Utsikta fekk nytast etterpå. Ryggen mot Søre var stilig; først over ein liten fortopp, så langs ein forholdsvis brei rygg (kanskje 4m i bredda?), før eit lite nedklyvingsparti ned til skaret mot Søre. Vidare var det steinur ned og opp til toppen av Søre Tverrådalskyrkja.

Her møtte eg to karar som også skulle vidare til Steinkollen. Dei skulle etterpå gå vidare ned breen og krysse over til Tundradalskyrkja. Dei var litt skeptiske på dei stora sprekkene nedanfor Steinkollen, så dei vurderte om dei måtte gå en del tilbake mot Tverrådalskyrkja før dei entra breen.

Eg spurte dei om dei kunne knipse eit bilde av meg med varden. Eg såg når eg kom heim at det vart eit flott blinkskudd av varden og handa mi.


----
Vidare mot Steinkollen var det ingen vanskar kun vandring i steinur. Fra Steinkollen var det stilig utsikt tilbake til Tverrådalskyrkja og Søre Tverrådalskyrkja.

Etter en kjapp fotosesjon på Steinkollen satte eg kursen tilbake til Tverrådalskyrkja. Tur-retur Tverrådalskyrkja-Steinkollen tok ca. 1,5 time.


Tverrådalskyrkja og Søre Tverrådalskyrkja.
Tverrådalskyrkja og Søre Tverrådalskyrkja.
Klyvepartien mellom Tverrådalskyrkja og Søre Tverrådalskyrkja.
Klyvepartien mellom Tverrådalskyrkja og Søre Tverrådalskyrkja.

Tilbake på Tverrådalskyrkja venta far min. Resten av gjengen hadde begynt på returen. Vi nytte utsikta og nokre skiver med kvitost før vi også starta på returen mot Sota Sæter. Vi tok igjen resten av gjengen i den lause steinura ovanfor Fortundalsbreen. Eg kunne då sjå dei to karane eg hadde møtt tidlegare på Søre Tverrådalskyrkja. Dei var no nede på breen på veg mot Tundradalskyrkja.


Nyte utsikta på toppen av Tverrådalskyrkja.
Nyte utsikta på toppen av Tverrådalskyrkja.

Etter ca. 10 timar var vi tilbake på Sota Sæter.
Alle var enige om at det hadde vert ein flott tur.

Takk for turen!



Start date 02.09.2023 08:49
(UTC+01:00)
End date 02.09.2023 18:39
(UTC+01:00)
Total Time 9h 49min
Moving Time 7h 53min
Stopped Time 1h 56min
Overall Average 2.5km/h
Moving Average 3.1km/h
Distance 24.1km
Vertical meters 1,840m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.