Stølsmaradalstind (26.07.2023)
Skrevet av ArilT (Aril Torheim)
Startsted | Murane (1061moh) |
---|---|
Sluttsted | Murane (1049moh) |
Turtype | Fjelltur |
Turlengde | 22t 35min |
Distanse | 20,4km |
Høydemeter | 1332m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Stølsmaradalstinden (2026moh) | 26.07.2023 09:00 |
---|
Stølsmaradalstind
Etter ei veke med kommunetoppsamling på Sørlandet satte vi kursen mot høgare toppar lenger opp i landet. Vi hadde ikkje fastsatt noko eksakt turmål, men en stad i Jotunheimen var målet. Etter å ha sjekka værmeldinga på veg oppover Valdres låg det an til at vêret skulle verte noko betre i vest enn i aust. Turen vart derfor lagt til Hurrungane.
Vi parkerte ved Murane og pakka overnattingsutstyr i tursekken. Deretter spaserte vi inn i Austabotn kor vi satt camp for natta.
Morgenen etterpå vakna vi til blå himmel med nokon tåkedottar ned i fjella. Etter frukost og ein kopp kaffi pakka vi sekkane og spaserte opp til Gravdalsbandet kor vi pakka om til dagstursekk og parkerte tursekken.
Innover Gravdalen begynte vêret og mørkne til. Det la seg tjukk skodde rundt toppane, og det starta å regne. Vi starte å miste trura på at vi kom til å få noko utsikt frå toppen. Vi søkte ly ved ei stor stein, og drakk litt kaffi og åt litt sjokolade imens vi venta ut vêret.
"Typpisk!" tenkte vi, der vi satt å mimra tilbake til turen til Besshø eit par måndar tidligare. Der var det blå himmel når vi la ut på turen på morgenen, men grautande tjukk skodde når vi stod på toppen.
Plutselig virka det som vêre vart lettare, og vi øyna eit håp om utsikt frå toppen. Vi starta stigninga mot toppen med friskt mot og håp om flott utsikt. Først opp ei rampe mot høgre, deretter eit lite klyveparti frå rampa og opp til sørvestryggen. Nokre hundre høgdemeter med steinur var så forsert før vi stod på toppen.
Frå toppen fekk vi utsikta som vi hadde håpt på. Store Austabotntind og Store Ringstind ser ganske annleis ut frå denne vinkelen i forhald til kva ein er vant med. Kult! Gravdalen tok seg også flott ut ovenfrå med elva som slynga seg ut dalen.
Vi kunne no sjå mørke skyer nærme seg frå aust, og det var også meldt fare om torevêr mot kvelden. Vi valgte derfor å stå over turen bort til sørausttoppen for å komme oss ned igjen frå fjellet i tide.
Vi kom oss over Gravdalsbandet og fant igjen tursekkane før regnet starta. Vi kunne høyre torevêret i det fjerne under utmarsjen, men det nådde aldri fram til oss.
Tilbake i bilen satt vi kursen til Ringsdalen. Her pakka vi i sekken igjen og vandra opp til Øvre Dyrhaug kor vi satt vi camp.
Starttidspunkt | 25.07.2023 20:41 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 26.07.2023 19:17 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 22t 35min |
Bevegelsestid | 7t 50min |
Pausetid | 14t 44min |
Snittfart totalt | 0,9km/t |
Snittfart bevegelsestid | 2,6km/t |
Distanse | 20,4km |
Høydemeter | 1331m |
Kommentarer