Gravdalsholten i snø og vind (01.02.2024)
Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)
Bestigninger | Gravdalsholten (398moh) | 01.02.2024 |
---|
Det kunne sjå an til at det vart opplett denne dagen, då eg gjekk frå jobb. Men sikker kan ein jo aldri være... I alle fall ikkje når værmeldingane er slik dei er. Avtalte med min søster at vi skulle ta ein tur i Gravdalsholten, sidan ho ikkje hadde så god tid. Vi tok runda rundt der tråkket skal være. Det hadde snødd, slik at spora var tildekt, men vi fann no fram. Etter kvart kom snøen og litt vind. Det gjekk framleis greitt. Etter toppen blei det meir vind og meir snø, til slutt måtte vi gå på sporing frå andre for å være sikker på at vi hadde rett rute. Og det å bruke briller i eit slik vær, er ikkje berre berre. Eg ser verken med eller utan briller. Ettersom søsteren er godt kjent, så gjekk det bra. Då vi kom ned frå skogen slutta snøen og det vart opplett og mykje klarare vær. Snakk om dårleg timing... Det seiast at ein aldri angrer på ein tur. Det gjeld nok her også.
User comments