14.4 km fjelltur til Nordnibba 1365 moh og Skorve 1370 moh (30.09.2023)  6

Written by josokbakke (Ole-Johann Jøsokbakke) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 39min
Distance 13.7km
Vertical meters 1,033m
GPS
Ascents Nordnibba (1,364m) 30.09.2023
Skorvetoppen (1,370m) 30.09.2023
Visits of other PBEs Flyvrak B-24 Liberator Bomber (1,150m) 30.09.2023
Karlstaul (726m) 30.09.2023
Skorve stistart (490m) 30.09.2023
Skorve utsikt mot Seljord (656m) 30.09.2023

Herleg hausttur til Seljord saman med Kristian, Siri, Ole Bjørn, Hilde og Lisbeth.

Vi reiste til Seljord på fredagen og overnatta på Seljord hotell
Middagen tok vi på hotellet.

På laurdag åt vi ein god frokost på hotellet før vi gjekk over vegen for å kjøpe god bakst til nistemat på Aasmundsens Bakeri.

Vi køyrde opp Kivledalen og ordna med logistikken: Ein bil vart sett igjen på Haugan (Skorve stistart) slik at vi skulle sleppe å gå vegen attende til Skriustøl.

Planen var å gå runda frå Skriustøl via Finndalen og over Nordnibba og Skorvetoppen.
Slik kunne vi gå i retning Hestenutan i le for den varsla vest-nordvestvinden og få mest mogleg medvind vidare på resten av turen.

Eg prøvde å lure med meg gjengen opp på Hestenutan som ein del av turen, men vi fann ut at den får vi ha til gode til ein annan gong sjølv om det såg freistande ut (Syntes eg).

Vi fann ein bra stad i ei ur for å raste i le for vinden på omlag 1125 moh.
Her kosa vi oss med gode saker som vi hadde kjøpt på bakeriet tidligare på dagen.

Stien gjekk jevnt og trutt oppover mot Nordnibba. På toppen var det fint. Det var flott utsikt og berget her hadde ein veldig fin rosafarge.

På turen vidare mot Skorvetoppen gjekk vi litt utanfor sti, men det var lettgått og fint terreng.

Vel framme på toppen satte vi oss i le for vinden og åt opp resten av godsakene medan vi naut utsikta utover Seljord.

På turen ned frå Skorve tok vi ein avstikkar for å sjå på Flyvrak B-24 Liberator Bomber.
Det låg mange restar etter flyet spredd under toppen på Skorve.

Eg fann litt info om historia til flyet her:

https://no.wikipedia.org/wiki/Flystyrten_ved_Skorve_i_1944_(Liberator)

B-24 Liberator

Dette var ein skikkelig kremtur som vi gjerne går fleire gongar!

Dagen avslutta vi med god middag hjå Wassanas Thaimat og kortspel på hotellet.


På søndag var vi på Blomtjønneggin:

11.2 km fjelltur til Blomtjønneggin 1231 moh

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.