Hesjabakk - og Kristiansmokøllen (19.08.2023)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Map
Ascents Hesjabakkollen (433m) 19.08.2023
Kristiansmokollen (493m) 19.08.2023
Toppane nær Begnadalen er dei lågaste i Valdres, men topografien er ikkje kjedeleg. Etter mykje regn var Muggedøla flaumstor og gjorde vesen av seg.
Eg byrja med Hesjabakkøllen, gjekk forbi ein bustad og inn på eit høgstslep som var merka rett på kartkopien. So var det lett å finne rett slep/traktorveg opp mot ryggen. Opp på sjølve toppen er det ein utydeleg sti.
Toppartiet
Toppartiet
Svartfjellkollen - imponerande, men berre eit ryggpunkt.
Svartfjellkollen - imponerande, men berre eit ryggpunkt.

Ned att, og klar for Kristiansmokøllen. Mykje brukt tursti til topps. Og her er det godt utsyn over Begnadalen og eit stort, ope og fint topparti.

Ned til Tindeekspressen, og ut av Valdres før spådd møkkavèr slo inn.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.