Kvitingskjølen (04.07.2023)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Distance 17.9km
Vertical meters 1,117m
GPS
Ascents Vestre Kvitingskjølen (2,060m) 04.07.2023 13:36
Store Kvitingskjølen (2,064m) 04.07.2023 13:36
Nørdre Kvitingskjølen (2,025m) 04.07.2023 13:36
Visits of other PBEs Smådalsveien p-lomme (1,170m) 04.07.2023 13:36

Eit forsøk på å få meg ein 2000-m-tur i noko håplaust vær. Eg køyrde til Lom kvelden før og låg over i bilen. Dette var omtrent einaste delen av Jotunheimen som skulle sleppe nedbør, og skodda skulle tilogmed lette etter kvart. Eg skulle hente ungane på Otta klokka 14, så planen var å stå tidlig opp og ta runden så eg hadde god margin på tida.

Opp klokka halv 7, og avgårde litt før 7. Skodda låg godt nedover toppane. Eg ville gå runden mot klokka, så kunne eg gå motbakkene til Vestre, og jogge ned frå Store. Dessutan litt meir sjangse til å få sikt på store om eg tok den sist.

Opp mot vestre var det berre å gå etter GPSen, men ellers var ikkje skodda av den tettaste. I skaret mellom toppane var det blå himmel, før eg dukka inn i skodda igjen mot store. Her var det tett. Veldig einsformig landskap,. Lite sermoni på toppen.

I slikt vær kan ein nesten ikkje sjekke GPSen for ofte. Likevel var det nett det eg ikkje gjorde, og fekk ein liten strafferunde ned mot handklefonne før eg kom meg tilbake på vestsida. Så var det jamn trask tilbake til bilen. Rikelig med tid!

Det vart difor ein real turmat og ein kopp kaffi før eg prøvde å ta eit bad i elva, berre avbrote av nokre sauder som prøvde å raide campen min. Eg avbraut badinga, og sovna heller i campingstolen. Då eg vakna oppdaga eg at det var farlig knapt med tid til eg skulle vere på Otta. Eg hadde nesten forsove seg!

Så då vart det rally Vågå, og eg nådde Otta i rimeleig tid. Heimturen gjenn strålande, berre avbrote av ein tur innom bakeriet på Lom for det aller mest nødvendige (Pizza og kanelsnurrar).

Start date 04.07.2023 06:53
(UTC+01:00 DST)
End date 04.07.2023 10:42
(UTC+01:00 DST)
Total Time 3h 49min
Moving Time 3h 40min
Stopped Time 0h 9min
Overall Average 4.7km/h
Moving Average 4.9km/h
Distance 17.9km
Vertical meters 1,116m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.