Tåketur på Stamåhjulet (18.05.2023)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Map
Ascents Stamåhjulet (1,821m) 18.05.2023
Perfekt vêrmelding og store ambisjonar for ein mangetopparstur, men korkje vêret eller ambisjonane sto prøva. Med kompassgang, skritting og telefon-navi på toppen og ein Amund med mange sjukdomsavbrekk i treninga og lite skislit bak seg, vart vi einige om at dette ikkje var dagen.
Skjåksteminng: Billingen
Skjåksteminng: Billingen
Langt, slakt stigande parti mot foten av fjellet
Langt, slakt stigande parti mot foten av fjellet

Det vart litt sikt på veg ned att, og under topplatået byrja eit parti med særs god skikøyring på porøs skare. Seinare vart det blautsnø, og innslag av leiraktig nysnø skapte mange Donald Duck-situasjonar. I tillegg var det tungt å skeise og stake i dei mange flate partia.

På veg ut i forræderisk blautsnø
På veg ut i forræderisk blautsnø

Ned langs elvene var det meir forutsigbar korna blautsnø - trudde eg, og gjekk over frå å ri bakpå til å stå nøytralt. Plutseleg greide eg ikkje å stå mot bremsekrafta frå ein uventa forræderisk flekk null-glid-snø, tok eit kråkestunt på ei ski og landa i Chaplinstilling, med ein del kraft i landingsfasen. Den skia som absolutt skulle ha løyst ut, gjorde det ikkje. Eg kjenner at eg må liggje litt, skjønar etter kvart at alt er heilt og at det er sener og blautdelar som har fått smellen og kjem meg etter kvart ned.
Kaffe og kjøp av lokalvarer på Billingen - ei skjult perle for veg- og skifarande. So fær ein sjå om eg blir noko anna enn belay monkey på Tronoberget resten av Skjåkopphaldet,

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.