Tiuråsen og Sønnanåheia frå Bakkedal (16.04.2023)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Sønnanåheia (386m) 16.04.2023
Tiuråsen (392m) 16.04.2023
Preståsen (366m) 16.04.2023 15:00

Tredje turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord starta kl. 1315 frå Bakkedal ved Rv. 46. Etter tilnærma blå himmel på morgonturen og gråver på føremiddagsturen var det nå blå himmel att, og i fint driv oppover traktorvegen mot Ternevatnet silte sveitten. Målet med turen var sjølvsagt skogtoppane Tiuråsen og Sønnanåheia, sant å sei altfor enkle til å ta i dette finveret, men eg hadde plan om å koma meg på meir eksponerte Høgafjellet frå Stokkadalen seinare denne ettermiddagen.

Til Tiuråsen følgte eg den gode traktorvegen om lag til 300m-koten der eg tok ut i terrenget på ein overgrodd veg som svinga seg opp mot toppen. Der var eg oppe etter snaut 40 min. gange, jamvel til bra utsikt over Vikedal. Kursen vart lagt sørvestover fjellryggen i overraskande kupert lende, særleg var det nokre vegvalg ned i skarda mellom dei tre toppane. Etter ein snarvisitt oppom sekundærtoppen Preståsen fann eg toppunktet på Sønnanåheia om lag 55 min. gange og 1,7 km i luftlinje frå Tiuråsen. Her var det såpass flatt lende at GPS’en kom godt med for å finna høgaste punkt.

Frå Tiuråsen mot Lysenuten
Frå Tiuråsen mot Lysenuten
Utsikt over Vikedal frå Tiuråsen
Utsikt over Vikedal frå Tiuråsen
Frå Sønnanåheia mot Hauganuten og Litlalandsnuten. Lysenuten lurer seg med på bildet heilt til venstre
Frå Sønnanåheia mot Hauganuten og Litlalandsnuten. Lysenuten lurer seg med på bildet heilt til venstre

Eg hadde tenkt litt på kva som ville vera beste trase ned, men kom til at kraftlinja ville vera kortaste veg tilbake til bilen, så sant det var farbart der. Det viste det seg å vera, og etter 2 timar 5 min og snaut 500 hm på tur var eg vel nede ved bilen att. Fine faunainnslag med fleire oppskremde hjortar oppe på denne heia, som nå er prega av fleire skogsvegar av det skjemmande slaget.

Kraftlinja eg følgte ned att til bilen
Kraftlinja eg følgte ned att til bilen

Etter nødvendig inntak av kalorier i Sandeid gjekk vegen vidare til Åmsosen med plan om dagens fjerde tur til Høgafjellet. Men sjølv om veret var framifrå og ettermiddagen ung, kjente eg på at 13-1400 hm var nok for beina denne dagen. Høgafjellet fortener helst ein eigen tur med full motivasjon, så det får bli seinare.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.