Kiståsen/Slettafjella frå Stranddalen til Saurdal (12.03.2023)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Kiståsen (995moh) | 12.03.2023 |
---|
Søndagen i Stranddalen vakna me til overskya, men stilt ver etter vind og føyke kvelden før, så alle spora var derfor borte. Etter frukost og utvask la me vegen ned same løypa me hadde kome opp på fredagen, men med ein flott avstikkar til topps på Slettafjella, det småkuperte platået sørvest for Saurdal.
Det var finaste silkeføret i den djupe og urørte nysnøen, og det var herleg å vera på tur. Me hadde godt ver heilt til me var oppunder toppunktet, då drog det seg til med litt vind og føyke. Artig at me her var tilbake på tilnærma 1000 moh, same høgda me hadde starta på i Stranddalen. Etter eit flott nedrenn i djupsnøen var me tilbake ved bilen etter 3 ¾ timar på tur.
Benutzerkommentare