Blåfjellet og Blåfjellet øst (25.02.2023)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 16min
Distance 12.2km
Vertical meters 918m
GPS
Ascents Blåfjellet (1,400m) 25.02.2023 16:03
Blåfjellet Øst (1,397m) 25.02.2023 16:14

Fyrste tur til Blåfjell for min del. Måtte gå frå nederste parkeringa. Litt bonus-trim, og to km lenger tur. Kom litt seint av garde i dag. Var spent på vindforholda. Heldig der, då det var mindre vind enn venta. Men litt ustabilt. Vurderte å snu ei kort stund, sidan det kom ei snøbyge, og eg var i ukjent terreng. Men byga forsvann like fort som den kom. Eg hadde gått litt for langt opp i botn, men fann likevel ei fin lei vidare. Tungt oppover. Framleis i dårleg form etter Korona. Det er bratt, og snøen var djup og delvis laus. Det letta litt, og eg kom meg til topps, sjølv om det kosta i dag. Gikk fyrst bort på hovudtoppen, så aust-toppen, der den store varden står. Rask å ordne for returen, då det blæs her og dagen minka. Føret var greitt minus. Litt flakete i toppen av laussnøen. Finare i nedste del. Det vart ruta rett ned til fjelløypa no, sidan dagen var på hell. Sjølv om eg gikk glipp av fin laussnø var det greitt å stå i hockey heile vegen ned til øvste skitrekket. I grøne skiløypa rota eg litt i eit kryss, så det vart ein short-cut i laussnøen, før eg kom inn att på, og straks var eg ved parkeringsplassen. GPS-sporet hang seg opp på retur, difor delvis flystripe. Suplert med gps-bilde frå Polar. Ganske sleten, men godt fornøyd med dagen :)

Det byrja snø. Vurderte å snu, men det letta.
Det byrja snø. Vurderte å snu, men det letta.
Gikk inn her, litt til høgre for midt i bildet.
Gikk inn her, litt til høgre for midt i bildet.
Flanken før det flatar ut mot toppen.
Flanken før det flatar ut mot toppen.
Etter flate partiet og like før bratta opp mot toppane. Blåfjellet er høgast til venstre, og mest besøkt til varden på høgre.
Etter flate partiet og like før bratta opp mot toppane. Blåfjellet er høgast til venstre, og mest besøkt til varden på høgre.
Mot vest. Dei to som forlot varden då eg kom opp, står i skardet, og er klar for retur.
Mot vest. Dei to som forlot varden då eg kom opp, står i skardet, og er klar for retur.
Mot aust.
Mot aust.
Spor frå Polar. Den beine streken skuldast at eg gløyme å starte klokka etter ein pause. Ca 400 meter, men ruta var nesten bein her.
Spor frå Polar. Den beine streken skuldast at eg gløyme å starte klokka etter ein pause. Ca 400 meter, men ruta var nesten bein her.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.