Monsen-tur til Rødsdammen (21.01.2023)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Other winter trip
Duration 131h 22min
Map
Visits of other PBEs Rødsætra (265m) 21.01.2023

Etter å sett oss grundig inn i teltlivets gleder gjennom Lars Monsen sine "villspor"-program bestemte eg og Eskil oss for at no måtte teori bli til praksis. Eg hadde kjøpt inn eit nytt 2-personstelt til jul, og no måtte dette testast på vinterføre.

Sist eg vintertelta var på speidaren for over 20 år sidan. Men, vi hadde jo sett så mykje på TV at dette måtte jo gå bra!

Avgang heimanfrå med tunge sekkar laurdag kveld kl 18. Ankomst Rødsdammen 1845, og teltet oppe litt over 19. Så vart det eit lite bål, og vi varma oss ein Real Turmat til kvelds. Eit høgdepunkt for Eskil, som hadde lurt veldig på korleis det smakte.

Deretter byrja det å bli seint. Vi la oss i soveposen, las litt bok, og sovna begge to halv 10.

Eskil fikk oppleve ei litt kald natt, noko som gikk utover søvnen til begge. Men, dette er jo ein del av læringa.

Det var deilig slumring i soveposen, med kaffi, kakao og ny Real til frokost, før vi rusla tilbake til sivilisasjonen mange erfaringar rikare. Det er dettan som er livve vettu...

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.