Gampen i vått terreng (06.11.2022)  3

Written by bakken59 GSM

Duration 2h 00min
Distance 8.3km
Vertical meters 292m
GPS
Ascents Rennaren (450m) 06.11.2022

Køyrde over Sollihøgda til Skaret og vende nesa mot Sylling. Parkerte ved bommen og gjekk opp til Toverudsætra. Mykje vatn som fossa ned lisidene. Tett skodde dessutan. Ved Soterud skar eg ppp til venstre der det var teikna inn stig på kartet. Ikkje noko sjakktrekk, for rotvelter og sti/vegfar som kom og gjekk gjorde ar eg var mykje ute i bushen. Og den bushen var våt! Klora meg til slutt opp vestsida av Gampen, og gjekk først på bålplass og så tre-fire Steinar over ein bolt i berget. Men ut-appen hadde ikkje toppunktet markert akkurat der, så eg virra rundt frå småhøgde til småhøgde oppe på platået der. Fann ikkje betre toppkandidat enn der bolten var. Følgde stig sudaustover, og kom ned på god traktorveg som endte opp nede ved Latinersteinen i Butterudbotn. God veg vidare. Følgde den tilbake. Såg ein joggar på avstand og tre storfugl som flaug opp. Gjekk aleine, og logga 8,3 km, 292 hm og 2 timar ute.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.