I øydemarka der ikkje nokon andre nokon gong har vore (30.10.2022)

Written by TERJES (TERJE STRØMHYLDEN) GSM

Start point Bommen på Byafjellvegen (72m)
Characteristic Hike
Duration 2h 00min
Distance 6.2km
Vertical meters 370m
GPS
Visits of other PBEs Steinkjer kommune geografisk midtpunkt (191m) 30.10.2022

Då hadde turen kommen for å utforska Steinkjer kommune`s geografiske midtpunkt. Steinkjer er jo så heldig at dei har "Noregs geografiske midtpunkt" i kommunen, men veldig få veit noko om Steinkjers midtpunkt. Eg starta ved bommen på Byafjellvegen og følgde denne i 2,6 km og tok til venstre opp ein traktorveg/skiløype ca 200 meter og heldt fram til venstre etter ei skiløype over ei myr som går opp til Jernblæstermyra. Like før Jernblæstermyra ligg Steinkjers Midtpunkt litt anonymt til ca 30 meter til venstre frå skiløypa. Fin utsikt frå midtpunktet mot to høge furutre og ei myr. Men på returen heldt eg fram opp på Jernblæstermyra og her går det skiløyper i alle retningar, men eg følgde ein trasé` som gjekk ned til Byafjellvegen igjen. Dette var ein finare tur.
Frå vegen og ned til bommen var det ca 1,8 km. Det var veldig mange turgåarar på Byafjellvegen og i skiløypene i dag, men ingen tok avstikkaren til midtpunktet. (ingen snø endå) Lengda på turen ca. 6 kilometer.

Bommen på Byafjellvegen
Bommen på Byafjellvegen
Ei gammel bru på traktorveien
Ei gammel bru på traktorveien
Utsikt fra Steinkjers geografiske midtpunkt
Utsikt fra Steinkjers geografiske midtpunkt
Skistua
Skistua
Jernblæstermyra
Jernblæstermyra
Flott skiløype fra Jernblæstermyra ned til Byafjellvegen
Flott skiløype fra Jernblæstermyra ned til Byafjellvegen
Høst
Høst

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.