Premieutdeling og lisje blåfjellet (02.10.2022)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Sigrona
Map
Ascents Blåfjellet (828m) 02.10.2022 20:53

I dag var det duka for fjelldag og premieutdeling for fjelltrimgruppa til Stårheim IL på Fannstøylen. Bra oppmøte av store og små. God stemning oppover, med natursti frå 4H. På støylen var det bålpanne, pølser, snop og alt som høyrer fjellet til!

Etterpå fekk vi med oss ein gjeng unge fjellfolk til Lisje Blåfjellet, der vi skulle merke litt. Dei bygde vardar til den store gullmedalja, så skal ein gå seg vill her må ein gjere ein solid innsats. Ny topp for Eskil, som var i storform i dag.

Deretter heim i regnværet. God stemning heile vegen, der vi mellom anna fann ein frosk.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.