Frå Hengjane til Liarvatnet om Preikestolhytta og Mosli (25.09.2022)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Lepsafjellet (508moh) | 25.09.2022 |
---|
Dag 2 av langtur gjennom Jørpelandsheia, om lag 16 km (derav snaut 2 km i bil) og 5 ½ timar på tur.
Natta ovanom Hengjane etter den flotte langturen frå Liarvatnet dagen før, vart roleg med unntak av nokre kvinkande kattugler og besøk av ein gryntande hjort. Etter å ha vore oppe eit ærend midt på natta til ein overveldande stjernehimmel, vakna eg til lågt skydekke i 08-tida. Dermed skrinla eg både planen om å få med meg Bratteliknuten og heimtur om Godlifjellet og Svortingsvatnet.
Etter frukost hadde skodda bare trekt seg lenger ned, og annan returveg en T-stien til Preikestolhytta var helst uaktuell. Men det var sju år sidan sist eg gjekk langs Skogavatnet på tur til Husafjellet, så det var ingen ting å syta med. Korleis eg skulle koma meg frå Preikestolhytta til bilen ved Liarvatnet fekk heller kverna i hovudet på vegen!
Ved turstart i 09-tida var det framleis mildt og stilt, og Skogavatnet låg som ein spegel. Vel oppe på høgaste leitet mot Neverdalen slo det meg at eg aldri hadde vore på den vesle toppen i sør, kalla Lepsafjellet. Som tenkt, så gjort; eg la att sekken og svinta oppom for flott utsikt mot fjorden og Lomstjødna. Tanken om å få med meg Preikestolen kunne eg bare gløyma, for skodda låg ganske tett over både Neverdalsfjellet og Stolen.
I Neverdalen fekk eg to flotte fugleobservasjonar, først av ein hønsehauk og så av ein stor meiseflokk med bl.a. 10-15 stjertmeiser som «surra» rundt i trea utan å ensa meg. Det var bare å stoppa opp og ta til seg inntrykket av dei sjarmerande nøsta. Det er sanneleg eit fint skaparverk!
Den brutale stigninga opp til Neverdalsskardet hadde eg som vanlig grudd meg for. Med sine knappe 200 bratte høgdemeter er brekka ganske nådelaus, men med lågt nok tempo gjekk det overraskande greit sjølv med full oppakning. Stemmar frå Preikestol-stien hadde eg alt høyrt lenge, og oppe i skardet var det full rulle kl. 11 ein gråvers søndags morgon som denne.
Eg var nede på bilvegen ein halvtimes tid seinare, dvs. 2 ½ timar etter starten frå Hengjane. Om vegen vidare hadde eg landa på å gå tilbake til bilen ved Liarvatnet via Mosli, Tinturvatnet og Lågalia, så eg rusla like godt dei 2 km ned til bomvegen opp til Mosli. Her var planen å kvitta meg med all unødvendig «ballast» som telt, sovepose, liggeunderlag og stormkjøkken. Dette vart lagt bak ein stein ved bommen slik at eg kunne henta det med bilen etter turen, og dermed var sekken truleg nede på ¼ av startvekta.
Men som eg stod der ved bommen kom det ein bil kjørande oppover, og det var ein gammal heiakar frå Jørpeland. Han var ikkje syten med å la meg sitta på, og dermed slapp eg unna dei snaut 2 km og drygt 150 hm opp til Moslivatnet. Ikkje nok med at eg juksa med innhaldet i sekken, men det vart altså dobbelt juks her! Med sine meir enn 90 leveår kunne han fortelja at han i si tid hadde kjøpt heimelagde ski av farfar min, som hadde verkstad og småskala skiproduksjon heime på Jørpeland.
Frå parkeringa ved Moslivatnet fann eg vegen nordover til den midtre Moslitjødna der det var tid for ein god matpause. Vidare gjekk det over elva på god bru, forbi den austre Moslitjødna og på god sti opp til Tinturvatnet. Dette var ein av dei klassiske søndagsturane våre i barndommen, og det var gildt å vera her att etter siste tur som truleg var heilt tilbake på 90-talet. Det var óg gildt å sjå at ein del av hyttene var heilt uforandra etter alle desse åra, og då meiner eg ekte hytter og ikkje moderne «kaksepalass».
Det gjekk radig langs Tinturvatnet og til stemmen i Svortingsvatnet. Her var det relativt låg vannstand og Lågaliåna for anledninga tørrlagd. Men ho renn i alle fall framleis, og utan å produsera ein einaste kW, takk vera massiv motstand då Jørpeland Kraft og hovudeigaren Lyse ville bygga henne ut med pumpekraftverk for nokre år sidan.
Vel tilbake ved bilen kl. 1430 etter 5 ½ timar på tur, og takk til vakre Jørpelandsheia for denne gang!
Benutzerkommentare
Flott turbeskrivelse
Geschrieben von casa 02.10.2022 22:42Eg blei i godt humør av å lesa om turen din, du skriv rektig poetisk.
God tur vidare.
Mvh casa
Sv: Flott turbeskrivelse
Geschrieben von Kaare_70 04.10.2022 22:27Takk for det; det vart ein heilt fantastisk langtur gjennom mi kjære heimehei frå barne- og ungdomsåra, og då sit superlativa laust!