Ein nydelig løpstur til Snøtinden! (26.09.2022)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Characteristic Jogging
Duration 3h 19min
Distance 12.1km
Vertical meters 1,265m
GPS
Ascents Gongrøra (835m) 26.09.2022 12:02
Seterfjellet (618m) 26.09.2022 12:02
Snøtinden (1,027m) 26.09.2022 12:02
Stortussen (1,026m) 26.09.2022 12:02
Stortussen øst (1,014m) 26.09.2022 12:02

Etter fin overnatting heilt i fjæresteinane ved Tomrefjorden. Med soloppgang og ein blå himmel over Molde. Så var det svært forlokkande å ta turen dit. Snøtinden høyrdast og ser fristande ut og greit at ikkje snøen hadde lagt seg. Fin hauststemning og temperatur. Ingen å treffe på toppen av Snøtinden. Fint å russle vidare bort på Stortussen og ete brunost skiva, inkludert hyggelig juleturnus planer på tlf ei stund med sjefen på retur! Ellers var det trivelig å treffe på folk på den siste toppen Seterfjellet. Ei eldre dame med kanskje barnebarnet sitt og ein Border collie. Dei hadde gått opp ifrå den nederste parkeringa. Ferdig på tur, så var det berre å slå på tråden til søster og høyre om ho var heime. Ho bygger seg hus i Molde med ei fantastisk utsikt mot heile den nydelige fjellrekka over fjorden mot Rauma med der iblant nokre av favorittfjella hennar "Stolane" Trollstolen & Blåstolen. Blir kjekt å være med ho på dei fjella ein dag.:)

Fint startutgangspunkt og flott skue mot topp målet Snøtinden
Fint startutgangspunkt og flott skue mot topp målet Snøtinden
Ifrå Snøtinden og vidare bortetter til neste topp Stortussen :)
Ifrå Snøtinden og vidare bortetter til neste topp Stortussen :)
Løpstid til toppen av Snøtinden 1027 moh Stien var gjørmete og våt enkelte stader undervegs mot toppen! Men, så utruleg fin tur og eit flott område.
Løpstid til toppen av Snøtinden 1027 moh Stien var gjørmete og våt enkelte stader undervegs mot toppen! Men, så utruleg fin tur og eit flott område.
Ifrå Gongrøra 835 moh
Ifrå Gongrøra 835 moh
Ifrå Gongrøra 835 moh mot Snøtinden 1027
Ifrå Gongrøra 835 moh mot Snøtinden 1027
Ein stopp i Åndalsnes etter tur og kjekt med noko nytt! :)
Ein stopp i Åndalsnes etter tur og kjekt med noko nytt! :)
Tur tester Toyota prøvemodellen, som er lik den nye bilen! Som forhåpentligvis kjem som tenkt i november, etter nokre utsettelser og forsinkelser.
Tur tester Toyota prøvemodellen, som er lik den nye bilen! Som forhåpentligvis kjem som tenkt i november, etter nokre utsettelser og forsinkelser.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.